13.3. Tåke

13.3.1. Oversyn

Figur 17.282. Eksempel på bruk av filteret «Tåke»

Eksempel på bruk av filteret «Tåke»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «Tåke»

Filteret «Tåke» er brukt


Dette filteret legg eit nytt lag fylt med med skyer, eller kanskje tåke eller røyk, til biletet. Skyene blir laga ved hjelp av filteret plasma

13.3.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterTeikningarSkyerTåke

13.3.3. Innstillingar

Figur 17.283. Innstillingane for filteret «Tåke»

Innstillingane for filteret «Tåke»

Den einaste filterinnstillinga som eigentleg er viktig er «turbulens» sidan resultatet av denne ikkje kan endrast seinare. Dersom du ikkje er nøgd, må du angre heile handlinga og prøve med ny innstilling.

Lagnamn

Namnet på laget. Du kan endre dette seinare frå lagdialogen.

Tåkefarge

Normalinnstillinga er ein brunfarge (240, 180, 70). Klikk på fargeknappen dersom du ønskjer å forandre fargen.

Turbulens

Dette er eigentleg turbulensinnstillinga for filteret plasma og bestemmer kor komplekse skyene skal bli. Låg verdi gir mjuke skyer, høg verdi harde skyer.

Dekkevne

Gjennomsikt for laget. Du kan endre dette seinare frå lagdialogen.