13.4. Plasma

13.4.1. Oversyn

Figur 17.284. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Plasma»


Fargane dette filteret lagar er fullstendig metta. Dersom dei sterke fargane ikkje passer i biletet, kan du oppnå interessante verknader ved å avmette biletet med menyvalet FargarMindre metning.

13.4.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterTeikningarSkyerPlasma

13.4.3. Innstillingar

Figur 17.285. Innstillingane for filteret «Plasma»

Innstillingane for filteret «Plasma»

Førehandsvising

Når denne er avkryssa, vil innstillingane bli viste interaktivt i førehandsvisinga.

Tilfeldig frø

Til vanleg trykker du bare på knappen Nytt frø for å lage eit nytt mønster. Skulle du ha behov for å generere det same mønsteret fleire gonger, skriv du det same talet i ruta for Tilfeldig frø og trykker Enter. Valet Slump vil generere eit tilfeldig frø ved hjelp av klokka i datamaskinen.

Turbulens

Med denne glidebrytaren bestemmer du kor komplekse skyene skal verre. Eit høgt tal gir harde skyer noe liknande oljemaling, medan eit lågt tal gir mjukare skyer som kan minne om røyk eller damp.