12.7. Avbild på objekt

12.7.1. Oversyn

Figur 17.259. Filteret «Avbild på objekt» brukt på eit foto

Filteret «Avbild på objekt» brukt på eit foto

Originalbiletet

Filteret «Avbild på objekt» brukt på eit foto

Eksempel på bruk av filteret «Avbild på objekt»


Dette filteret overfører eit bilete til eit objekt. Objektet kan vere eit plan, ei kule, ein boks eller ein sylinder.

12.7.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterKartAvbild på objekt

12.7.3. Innstillingar

12.7.3.1. Førehandsvising

I dette filteret har førehandsvisinga fleire funksjonar:

Førehandsvising

Trykk på denne knappen dersom funksjonen du arbeider med ikkje har automatisk oppdatering av førehandsvisinga.

Når musepeikaren er i området for førehandsvising, vil han få form av ei hand. Denne handa kan du i noen av innstillingane for filteret bruke for å flytte rundt på det blå punktet som markerer posisjonen for lyskjelda. Dette punktet er bare synleg innføre førehandsvisinga.

Forminsk, Forstørr

Blir brukte til å forstørra eller forminska førehandsvisinga. Bruksområdet er nokså avgrensa, men kan vere nyttig ved større bilete.

Vis rutenett

Legg eit rutenett over førehandsvisinga. Dette kan vere til hjelp for å plassera effektane meir nøyaktig. Mest nyttig på Plan.

12.7.3.2. Generelle innstillingar

Figur 17.260. Innstillingane for filteret «Avbild på objekt» (generelt)

Innstillingane for filteret «Avbild på objekt» (generelt)

Avbild på

Denne nedtrekksmenyen inneheld dei objekta det er råd å avbilda på. Du har valet mellom Plan, Kule, Boks eller Sylinder.

Gjennomsiktig bakgrunn

Den delen av biletet som ikkje blir berørt av objektet blir gjennomsiktig.

Kjeldebiletet som bakgrunn

Når du avbilder på eit plan og flytter dette rundt i biletet, blir deler av biletet utan pikslar. Dersom det er merka av for Kjeldebiletet som bakgrunn, vil desse tomme plassane bli fylt opp med kopiar frå originalbiletet.

[Notat] Notat

Denne funksjonen verkar bare på objektet «Plan».

Lag nytt bilete

Dersom det er avmerka for denne funksjonen, vil det bli laga ein kopi av originalbiletet. Filteret vil arbeide på denne kopien og la originalen vere uforandra.

Aktiver kantutjamning

Dersom det oppstår «trappetrinn» langs kantane i biletet, kan du prøve å forbetra resultatet ved å aktivera denne funksjonen. (Sjå eventuelt i ordlista under Kantutjamning.) Funksjonen har to innstillingar:

Djupn

Dess høgare tal dess meir omfattande blir kantutjamninga, men tar også meir tid.

Terskel

Definerer omfanget av utjamninga. Prosessen stoppar når skilnaden i pikselverdiane blir mindre enn grenseverdien.

12.7.3.3. Lys

Figur 17.261. Innstillingane for filteret «Avbild på objekt» (Lys)

Innstillingane for filteret «Avbild på objekt» (Lys)

Lyssettingar
Type lyskjelde

Denne nedtrekkslista gir deg valet mellom Punktlys, Retningsbestemt lys eller Ikkje lys.

Lyskjeldefarge

Klikk på denne knappen for å opna dialogen for fargeval.

Posisjon

Dersom «punktlys» er vald, kan du setje x-, y- og z-koordinata her i staden for å flytte rundt på det blå punktet.

Dersom «retningsbestemt lys» er vald, vil x-, y- og z-parametra kontrollera «Retningsvektorane». (Veit ikkje kva dette er. Verknaden er for meg usynleg. Noen tips?)

12.7.3.4. Materiale

Figur 17.262. Innstillingane for filteret «Avbild på objekt» (Material)

Innstillingane for filteret «Avbild på objekt» (Material)

Intensitetsnivå
Bakgrunnslys

Intensiteten på fargen frå originalbiletet som blir vist i område på objektet utan direktelys frå ei lyskjelde.

Diffusjon

Intensiteten på originalfargen når han blir opplyst av ei lyskjelde

Reflektivitet
Diffusjon

Høgare verdiar gjer at det blir reflektert meir lys slik at området ser lysare ut.

Spegling

Kontrollerar intensiteten til høglysa.

Høgglans

Bestemmer kor mykje fokusert høglysa skal vere. Dess høgare verdi dess meir glans i høglysa.

12.7.3.5. Orientering

Figur 17.263. Innstillingane for filteret «Avbild på objekt» (Orientering)

Innstillingane for filteret «Avbild på objekt» (Orientering)

Posisjon

Desse tre glidebrytarane blir brukte for å plassera objektet i biletet. X, Y og Z er koordinata i eit tredimensjonalt koordinatsystem.

Rotasjon

Desse tre glidebrytarane blir brukte for å rotere objektet rundt aksane X, Y og Z.

12.7.3.6. Boks

Denne fanen er bare synleg når du har vald å avbilde på objektet «Boks».

Figur 17.264. Innstillingane for filteret «Avbild på objekt» (Boks)

Innstillingane for filteret «Avbild på objekt» (Boks)

Bilete til bokssidene

For kvar av bokssidene er det ein nedtrekksmeny som inneheld namna på alle dei bileta du hadde på skjermen då filteret blei opna. Du kan velje kva for bilete som skal brukast på kvar av dei seks sidene til boksen.

Skalering

Desse glidebrytarane blir brukte for å skalere boksen i alle tre retningane x, y og z.

12.7.3.7. Sylinder

Denne fanen er bare synleg når du har vald å avbilde på objektet «Sylinder».

Figur 17.265. Innstillingane for filteret «Avbild på objekt» (Sylinder)

Innstillingane for filteret «Avbild på objekt» (Sylinder)

Bilete for endeflatene

For kvar av endeflatene er det ein nedtrekksmeny som inneheld namna på alle dei bileta du hadde på skjermen då filteret blei opna. Du kan velje kva for bilete som skal brukast på topp- og botnflata i sylinderen.

Storleik
Radius

Her bestemmer du radius for sylinderen. Diverre verkar dette på biletet som skal leggast på sylinderen og ikkje på sylinderen. Vonleg blir dette forandra slik at det er råd å bestemma storleiken på sylinderen og deretter legge på biletet.

Lengde

Her bestemmer du lengda for sylinderen.