8.19. Ordne fargekartet på nytt

Figur 16.162. Vindauget for «Ordne fargekartet på nytt»

Vindauget for «Ordne fargekartet på nytt»

Denne kommandoen blir brukt for å ordna rekkefølgja for fargane i fargekartet for indekserte bilete. Sjølve biletet blir ikkje forandra. Det er heller ikkje råd å legge til eller fjerna fargar, då må du bruke dialogen for indeksert palett.

8.19.1. Aktivering

Du har tilgang til denne dialogen frå biletmenyen via FargarKartOrdne fargekartet på nytt. Sidan funksjonen bare kan brukast på indekserte bilete, er menyvalet gråa ut som uverksamt dersom biletet ikkje er indeksert.

8.19.2. Å bruke dialogen «Ordne fargekartet på nytt»

Forklaringane gjevne i dialogvindauget er eigentleg nok. Du kan klikke og dra fargane rundt på fargekartet eller sortere dei på ulike måtar ved å høgreklikka i dialogvindauget for å få fram lokalmenyen:

Figur 16.163. Lokalmenyen for «Ordne fargekartet på nytt»

Lokalmenyen for «Ordne fargekartet på nytt»