8.29. Kantgjennomsnitt

8.29.1. Oversyn

Figur 16.180. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Forgrunnsfargen etter bruk av filteret «Kantgjennomsnitt»


Dette filteret finn ut kva for farge som er den mest brukte rundt kantane av biletet og legg denne fargen som forgrunnsfarge i verktøykassa. Filteret kan samla fargar som liknar kvarandre i grupper og rekne ut frekvensen for desse grupperingane. Dette filteret kan vere interessant når du har bruk for å finne ein bakgrunnsfarge som avvik minst mogleg frå biletfargen, t.d. for ei nettside. Sidan filteret ikkje forandrar noe i biletet, blir bruken av det ikkje registrert i angreloggen og kan heller bli sletta med Ctrl + Z.

8.29.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FargarInfoKantgjennomsnitt

8.29.3. Innstillingar

Figur 16.181. Innstillingane for filteret «kantgjennomsnitt»

Innstillingane for filteret «kantgjennomsnitt»

Kantbreidde

Du bestemmer her Breidde på ramma i pikslar eller andre måleeiningar etter val.

Talet på fargar

Filteret samlar fargane i større eller mindre «bøtter». Store bøtter bettyr at filteret samlar mange liknande fargar i ei bøtte. Små bøtter betyr at filteret får mange bøtter til rådvelde, og kan såleis sortera fargane meir nøyaktig. I bøttestorleik bestemmer du kor store desse bøttene skal vere. Små bøtter gir eit meir nøyaktig resultat, men dette treng likevel ikkje vere det same som eit betre resultat. Sjå eksemplet nedanfor.

8.29.4. Eksempel på bruk av filteret

Figur 16.182. Originalbiletet

Originalbiletet

Originalbiletet: Fargane er: rein raud (255;0;0), rein blå (0;0;255) og 4 ulike grøntoner (0;255;0, 63;240;63, 48;224;47, 0;192;38).


Figur 16.183. «Talet på fargar» er sett til 8:

«Talet på fargar» er sett til 8:

Resultatfargen blir raud (254,2,2).


Sidan bøttene er små, blir det mange av dei. Alle sjatteringar av ulike fargar kan bli lagra i ulike bøtter. Her er det mest farge i bøtta med raudfarge. Resultatfargen som blir lagt inn som forgrunnsfarge i verktøykassa er difor nesten reint raudt (254, 2, 2).

Figur 16.184. «Talet på fargar» sett til 64:

«Talet på fargar» sett til 64:

Resultatfargen er grøn (32,224,32)


I dette eksemplet er det brukt store, og difor få, bøtter. Fargar som liknar kvarandre (her grønt) blir lagra i same bøtta. Bøtta med grønt blir difor den med mest farge i. Dersom vi skriv fargane i hex-notasjon ser vi at alle fargane i den grøne bøtta har dei to mest signifikante bits felles: (00******;11******;00******). Dei resterande 6 bits (merka med *) kan ha kva verdi som helst. Sidan hex 111111 er det same som 63, betyr dette fargeverdiane kan vere frå 0 til 63. I den grøne bøtta kan såleis raudkanalen vere mellom 0 og 63, grønkanalen mellom 192 og 255 og blåkanalen mellom 0 og 63. Resultatfargen er grøn (32,224,32). Dette er gjennomsnittet for grenseverdiane for kvar einskild kanal: (63 + 0)/2, (255+192)/2 , (63+0)/2. (Dersom du beherskar hex-notasjon, vil det faktisk bli meir forståeleg om du skriv alt i hex).