6.17. Automatisk beskjering

Kommandoen Automatisk beskjering fjernar ei eventuell ramme frå biletet ved å søke etter det størst mogleg einsfarga rammeområdet. Beskjeringa liknar på det du oppnår med beskjeringsverktøyet.

[Obs] Obs

Legg spesielt merke til at denne kommandoen bare bruker det aktive laget for å finne ramma. Dersom andre lag har fargevariasjonar i rammeområdet, blir desse likevel skorne bort.

6.17.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvalet på biletmenyen via BileteAutobeskjer

6.17.2. Eksempel

Figur 16.69. Eksempel på bruk av «Automatisk beskjering»

Eksempel på bruk av «Automatisk beskjering»

Dette biletet er sett saman av tre lag. Eitt lag med ein raud firkant, eit anna med ein grøn firkant. Begge på ein gul, halvgjennomsiktig bakgrunn. Det grøne laget er aktivt.

Eksempel på bruk av «Automatisk beskjering»

«Autobeskjeringa» har klipt ut den grøne firkanten og oppretta eit eige lag for han. Dei andre laga er beskore til same storleik som det grøne laget. Bare litt av den raude firkanten er igjen.