13. Forval

Dersom du ofte bruker verktøy med bestemte innstillingar, er forval noko for deg. Du kan lagra desse innstillingane og hente dei fram igjen når du treng dei.

Teikneverktøya, som normalt er å finne i verktøykassa, har eit forvalsystem som er mykje forbetra i GIMP-2.8. Fargeverktøya, unntatt «Posterisering» og «Mindre metning» som normalt ikkje er å finne i verktøykassa, har eit eige forvalsystem.

Nedst i alle innstillingsvindauga for verktøya er det fire knappar. Ved å trykke på desse, kan du lagra, gjenopprette, slette eller tilbakestille innstillingane.

Forvala for verktøya er nærare omtalte i Del 5.1, “Dialogvindauget for verktøyforvala”.

Forvala for fargeverktøya er nærare omtalte i Del 5.1.1, “Forvala for fargeverktøya”.