4.8. Utvalshandteraren

Kommandoen Utvalshandteraren opnar eit dialogvindauge som viser utvalet i det aktive biletet. Det er eigentleg ikkje meininga at du skal arbeide direkte på utvala frå dette vindauget, men du får tilgang til ein del knappar med ulike kommandoar. Har du «utvalshandteraren» framme, er det enklare å bytte mellom ulike kommandoar ved å klikke på desse knappane enn å leite dei fram frå biletmenyen. Utvalshandteraren tilbyr også ein del avanserte innstillingar for kommandoen «Utval til bane».

4.8.1. Aktivering

Du får tilgang til dette menyvalet frå biletmenyen via UtvalUtvalshandterar.

4.8.2. Beskriving av dialogvindauget for «utvalshandteraren»

Figur 16.27. Dialogvindauget for «utvalshandteraren»

Dialogvindauget for «utvalshandteraren»

Knappane

Dialogvindauget for «utvalshandteraren» inneheld fleire knappar som gir deg lett tilgang til ulike kommandoar:

Visingsvindauget

I dette vindauget blir dei utvalde områda viste med kvit farge, dei områda som ikkje er utvalde med svart, og delvis utvalde område i ulike grader av grått. Klikkar du i dette vindauget, er dette det same som å klikka på verktøyet Vel etter farge. Sjå eksemplet nedanfor.

Figur 16.28. Resultatet av å klikka i vindauget til «utvalshandteraren»

Resultatet av å klikka i vindauget til «utvalshandteraren»

Klikk på vindauget til «utvalshandteraren» for å utføre «vel etter farge». Til venstre biletet slik det ser ut i «utvalshandteraren» og til høgre slik det ser ut i biletvindauget etter at du har brukt «vel etter farge».


4.8.3. Dialogen «Avanserte innstillingar for utval til bane»

Figur 16.29. Dialogvindauget for «avanserte innstillingar»

Dialogvindauget for «avanserte innstillingar»

Dialogen «Avanserte innstillingar for utval til bane», som du får fram ved å halde nede tasten Shift medan du klikkar på knappen Utval tilbane, inneheld ein heil del innstillingar. Dei fleste kan setjast med glidebrytar, innskrivingsboks eller i eitt tilfelle også med avkryssingsboks. Dei aller fleste greier seg med nomalinnstillingane, men her er noen forklaringar for dei som måtte ha bruk for å gjere endringar (Dialogvindauget er av ein eller annan grunn ikkje opna for omsetting):

  • Align Threshold: Dersom to endepunkt er nærare kvarandre enn denne grensa, blir dei kopla saman til eitt punkt.

  • Corner Always Threshold: Dersom vinkelen definert i eit punkt, og vinklane like før og etter er mindre enn denne, blir punktet definert som eit hjørne, sjølv om det er innføre Corner Surround pikslar til eit punkt med mindre vinkel.

  • Corner Surround: Kor mange punkt som skal telje med om eit punkt er eit hjørne eller ikkje.

  • Corner Threshold: Dersom eit punkt, og punkta like før og etter, definerer ein vinkel mindre enn dette, er det eit hjørne.

  • Error Threshold: Feilgrensa for når ei spline [10] ikkje kan aksepterast. Dersom ein av pikslane er utanfor grensa, vil programmet prøve algoritmen på nytt.

  • Filter Alternative Surround: Ei anna rekke av tilhøyrande tal som skal undersøkast ved filtrering.

  • Filter Epsilon: Dersom vinklane mellom vektorane laga av Filter Surround og Filter Alternative Surround har større skilnad enn dette, bruk i staden data frå Filter Alternative Surround.

  • Filter Iteration Count: Kor mange gonger originalpunktet skal glattast ut. Aukar du dette talet dramatisk, til t.d. rundt 50, kan resultatet blir merkbart betre. Men dersom det ikkje finst eit punkt som verkeleg skulle vere eit hjørne, kan kurvene bli nokså ville rundt dette punktet.

  • Filter Percent: For å lage eit nytt punkt, bruk verdien av det gamle punktet pluss dette talet multiplisert med verdien av nabopunkta.

  • Filter Secondary Surround: Talet på nærliggjande punkt som skal reknast med dersom Filter Surround definerer ei rett linje.

  • Filter Surround: Kor mange tilligjande punkt som skal telja med ved filtrering.

  • Keep Knees: Bestemmer om «knepunkta»skal fjernast eller ikkje etter at omrisset er funne.

  • Line Reversion Threshold: Dersom ei kurve er nærare ei rett linje enn denne verdien, vil kurva framleis vere ei rett linje sjølv om ho elles ville bli endra til ei bøygd kurve. Dette blir vekta med kvadratet av kurvelengda for å gjere det enklare å tilbakeføra korte kurver.

  • Line Threshold: Kor mange pikslar, i gjennomsnitt, ei kurve kan divergera frå ei linje som er definert ut frå endepunkta, før ho blir endra til ei rett linje.

  • Reparametrize Improvement: Dersom omparametringa ikkje forbetrar tilpassinga med meir enn denne prosenten, stopp forsøket.

  • Reparametrize Threshold: Feilgrense for når det er nyttelaust å omparametrisere. Dette kan oppstå når t.d. algoritmen prøver å tilpassa seg omrisset av ein «O» med ei enkel kurve. Den endelege tilpassinga er ikkje god nok for Newton-Raphson repetisjonane til at resultatet blir ei forbetring. Kan hende ville det vere betre å finne dei tilfella der algoritmen ikkje finn noen hjørner.

  • Subdivide Search: Kor mange prosent kurva kan fjerna seg frå det verste punktet for å sjå etter ein betre plass for å dele vidare.

  • Subdivide Surround: Kor mange punkt som skal telje med når det skal avgjerast om eit gitt punkt er ein betre stad for å dele vidare.

  • Subdivide Threshold: Kor mange piksel eit punkt kan avvika frå ei rett linje og likevel vere ein betre plass for vidare oppdeling.

  • Tangent Surround: Kor mange punkt som skal telje med på kvar side av eit punkt når tilnærminga av tangentane til dette punktet skal reknast ut.



[10] «Spline» er eit matematisk uttrykk for ein funksjon som definerer ei kurve ved hjelp av seriar med kontrollpunkt. Eit eksempel på dedtte er bézierkurver.

Sjå Wikipedia for meir informasjon.