7.12. Vel laget over

Kommandoen Vel laget over gjer laget ovanfor det aktive laget til det aktive laget. Dette blir vist i lagdialogen ved at markeringa som viser aktivt lag flytter eitt hakk opp. Dersom det aktive laget er øvst, vil denne kommandoen vere deaktivert.

[Notat] Notat

Merk at på det vanlege Windowstastaturet i engelsk oppsett refererer snartasten Page Up ikkje til tasten i taltastaturet men til den andre Page Up-tasten i gruppa på seks tastar til venstre for taltastaturet.

[Tips] Tips

Tastesnarvegane for Vel laget over og Vel laget under kan vere svært nyttige dersom du ofte bruker fargehentaren til å hente fargar frå eitt lag til bruk på eit anna lag. Med dei fleste verktøya får du fram fargehentaren ved å halde nede Ctrl-tasten.

7.12.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagStabelVel det førre laget,

  • med snarvegen Pil opp

eller ved å klikke på lagnamnet i lagdialogen.