2.14. Opprett mal

Kommandoen Opprett mal opnar dialogvindauget Lag ny mal der du kan laga ein ny mal med same storleik og fargemodell som det gjeldande biletet. Det kjem opp eit dialogvindauge der du blir beden om å skrive inn namnet på malen. Malen blir nå lagra og er tilgjengeleg i dialogvindauget Nytt bilete. Dersom du skriv inn eit namn som finst frå før, vil GIMP legge til eit tal til namnet for å gjere det unikt. Du kan bruke dialogvindauget Malar for å gjere endringar i eller slette malar.

2.14.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette innslaget på biletmenyen via FilOpprett mal