8.6. Undermenyen «Auto»

Figur 16.127. Undermenyen «Auto»

Undermenyen «Auto»

Undermenyen Auto inneheld operasjonar for automatisk justering av fargefordelinga i det aktive laget. Fleire av desse operasjonane er eigentleg programtillegg.

8.6.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvalet på biletmenyen via FargarAuto

8.6.2. Automatisk fargestrekking

I GIMP finn du fleire måtar for automatisk utstrekking av fargane, dvs. å strekke ut kolonnene i histogrammet for fargekanalane i det aktive laget. Ved å flytte lyse pikslar til høgre og mørke pikslar til venstre, vil lyse pikslar bli lysare og mørke pikslar mørkare. Dette påverkar kontrasten i biletet.

Noen av kommandoane strekker dei tre fargane likt. Dette fører til at fargetonen ikkje blir forandra. Andre strekker kvar av fargekanalane for seg, noe som fører til endringar i kuløren.

Måten strekkinga blir gjort på, skifter med dei ulike kommandoane. Difor blir også resultata forskjellige. Det finst ingen lett måte å vita på førehand korleis resultatet blir, difor vil det som oftast vere enklast å prøve seg fram. Dersom du veit nøyaktig kva du gjer, kan du få dei same resultata, eller faktisk i noen tilfelle betre, med nivåverktøyet.

For å gjere samanliknane enklare, er det her samla noen eksempla på ulike verknader. Dette er og blir eksempel. Den einaste sikre måten å finne ut av dette på, er å prøve ut kommandoane på eigne bilete.

Figur 16.128. Originallaget og tilhøyrande histogram

Originallaget og tilhøyrande histogram

Sidan dette biletet ikkje har utprega mørke og lyse pikslar, verkar kommandoane fint på dette biletet.


Figur 16.129. Kommandoen jamn ut

Kommandoen jamn ut

Eksempel på bruk av «Jamn ut»


Figur 16.130. Kommandoen kvitbalanse

Kommandoen kvitbalanse

Eksempel på bruk av «Kvitbalanse»


Figur 16.131. Kommandoen fargeforbetring

Kommandoen fargeforbetring

Eksempel på bruk av «Fargeforbetring»


Figur 16.132. Kommandoen normaliser

Kommandoen normaliser

Eksempel på bruk av «Normaliser»


Figur 16.133. KommandoenKommandoen strekk kontrast

KommandoenKommandoen strekk kontrast

Eksempel på bruk av «Strekk kontrast»


Figur 16.134. Kommandoen strekk HSV

Kommandoen strekk HSV

Eksempel på bruk av «Strekk HSV»