5. Banar

Banar er ei form for grafiske kurver, kjende som Bézier-kurver og er svært lette å bruke i GIMP. Du kan finne ei nærare forklaring på desse i ordlista under bézierkurver eller i Wikipedia under [WKPD-BEZIER]. Banar er eit svært kraftig verktøy for å lage sofistikerte former. I GIMP må du bruke banar i to steg: først lage banen og deretter streke han opp.

I GIMP er strek opp banen definert til å bety å teikne opp banen med ein ein bestemt teiknestil, t.d. farge, breidde, mønster osv.

Ein bane har to hovudbruksområde:

Figur 7.10. Fire ulike banar

Fire ulike banar

Eksempla syner ein lukka mangekant (her firkant), ein open mangekant, ei lukka kurve og ein figur med ei blanding av rette og krumme segment.


5.1. Å lage banar

Byrja med å teikne omrisset for banen. Dette omrisset kan eventuelt bli forandra seinare ved hjelp av (see the baneverktøyet tool). Vel deretter baneverktøyet på ein av følgjande måtar:

  • Ved å klikka på VerktøyBanar i biletmenyen,

  • eller på det tilhøyrande ikonet i verktøykassa,

  • Bruk snarvegtasten B

Når baneverktøya er aktive, vil musepeikaren vise ei pil med ei kurve. Venstreklikk på biletet for å markere startpunktet for banen. Flytt musepeikaren til ein ny stad og venstreklikk igjen for å markere det neste punktet. Dette punktet blir lenka til det første punktet. Du kan eigentleg lage så mange punkt du vil, men treng bare to for å lære teknikken. Når du legg til punkt, vil musemarkøren vise eit lite «+» ved sida av kurva for å indikere at dersom du klikkar nå vil det bli lagt til eit punkt. Når musemarkøren er nær eit linjesegment, vil plussmerket «+» bli endra til eit kryss set saman av piler, nokså likt symbolet for flytteverktøyet.

Flytt musemarkøren nær eit linjesegment, venstreklikk og dra segmentet. To ting skjer nå.

  • Linjesegmentet blir kurva etter som du drar i det.

  • Kvart linjesegment har klart markerte start- og endepunkt. Ei «retningslinje» for linjesegmentet som blei flytt blir nå vist frå kvart av endepunkta.

Det kurva linjesegmentet går ut frå endepunktet i same retningen som «retningslinja» viser. Lengda på «retningslinja» kontrollerer kor langt ut på «retningslinja» linjesegmentet skal gå før det bøyer seg mot det andre endepunktet. Kvar «retningslinje» har eit handtak, vist som ein tom firkant, i kvar ende. Klikk og dra i desse handtaka for å endre retningen og lengda på «retningslinja».

Figur 7.11. Utsjånaden til ein bane under arbeidet

Utsjånaden til ein bane under arbeidet

Utsjånaden til ein bane medan han blir handtert.


Banane inneheld to komponentar med rette og kurva segment. Dei svarte firkantane er ankerpunkta medan dei opne sirklane viser det valde ankeret. Dei to opne firkantane er handtaka som høyrer til det valde ankeret.