5.2. Eigenskapar for banane

Banar er på same måte som lag og kanalar, komponentar i eit bilete. Når du lagrar eit bilete i GIMPs eige filformat XCF, blir banane lagra saman med biletet. Du kan få fram lista over banane i eit bilete ved å hente fram banedialogen. I denne dialogen kan du også flytte banane frå eit bilete til eit anna ved å bruke funksjonane kopier og lim inn i lokalmenyen i banedialogvindauget, eller ved å dra eit ikon frå banedialogvindauget for eit bilete over i eit biletvindauge.

GIMP-banane høyrer til ei matematisk gruppe som blir kalla «Bezierkurver». Bezierkurvene blir definerte ved hjelp av anker og handtak. Eit anker er punkt som kurva går gjennom. Eit handtak definerer retninga banen skal ha når han går ut frå eller inn i eit ankerpunkt. Kvart ankerpunkt hat to handtak.

Dersom du lager banar manuelt ved hjelp av baneverktøyet, vil banane til vanleg innehalde opp til noen få titals ankerpunkt. Dersom du derimot lager banar ved å omforma eit utval eller ein tekst til bane, kan resultatet bli ein bane med hundrevis, kanskje tusenvis, av ankerpunkt.

Ein bane kan innehalde fleire ulike komponentar. Ein «komponent» er ei samling ankerpunkt som er bundne saman med banesegment. Dei høyrer til same kurva. Du kan gjerne ha fleire komponentar i ein bane. Dette betyr at du kan konvertera kvart segment til ulike utval, og såleis få fleire uavhengige utval i same biletet.

Kvar banekomponent kan vere open eller lukka. Ein komponent er «lukka» når det siste ankeret er bunde saman med det første ankeret i komponenten. Når du konverterer ein bane til eit utval, vil alle opne komponentar automatisk bli omforma til lukka komponentar ved at det første og det siste ankeret blir kopla saman med ein rett strek.

Banesegmenta kan vere anten rette eller kurva. Ein bane med rette strekar blir kalla «polygonal». Når du lager eit segment, vil det alltid vere beint i starten fordi handtaka blir plasserte oppå ankeret. Handtaka har i utgangspunktet null lengde. Du bøyer segmentet ved å dra handtaka ut frå ankeret.

Ein hyggeleg ting med banar er at dei bruker svært lite minneplass, i det minste i høve til kva eit bilete gjer. Ein bane blir lagra i RAM ved å lagre koordinata for ankera og handtaka. Ein svært kompleks bane treng kanskje 1 Kb minne, medan dette ikkje eingong kan halde eit 20 x 20 pixels RGB-lag. Det er difor mogleg å ha hundrevis av banar i eit bilete utan å stressa datamaskinen. (Kor mykje stress du blir utsett for sjølv når du skal halde styr på dei, er eit heilt anna spørsmål). Sjølv ein bane med tusenvis av segment bruker minimalt med ressursar i høve til eit typisk lag eller ein kanal.

Banane blir oppretta og manipulert ved hjelp av baneverktøyet.