Du kan også klikke på biletikonet eller filnamnet og dra biletet og sleppa det i GIMP si verktøykasse for å opna biletet. Slepp du biletet i eit eksisterande bilete, vil det bli lagt til originalbiletet som eit nytt lag eller eit sett med lag.
Mange program har støtte for at du kan dra og sleppe eit bilete inn i GIMP. For eksempel kan du dra eit bilete frå Firefox og sleppe det i GIMP si verktøykasse.