Blyanten blir brukt når du skal teikne på frihand med klar avgrensa strek. Verktøyet liknar nokså mykje på målarpenselen, men gir alltid ein strek med skarpe, harde kantar sjølv om du nyttar diffuse penslar.
Dette kan vere nyttig når du arbeider med svært små bilete som t.d. ikon, eller med store forstørringar av eit bilete, og ønskjer kontroll på kvar einaste piksel slik at alle endringar blir eksakt slik du ønskjer det.
Tips | |
---|---|
Skal du teikna rette linjer med blyanten, eller ein del av dei andre teikneverktøya, klikk på startpunktet, trykk deretter på, og hald nede Shift-tasten og klikk på sluttpunktet. |
frå biletmenyen via
→ → ,ved å klikke på symbolet i verktøykassa
eller med tastesnarvegen N.
Hald denne tasten nede for å gjere blyanten om til ein fargeplukkar.
Gjer at blyanten teiknar rette linjer. Held du nede Shift medan du klikkar med vil dette lage ei rett linje mellom det punktet du sist klikka på og til det nye klikkpunktet.
Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via
→ → som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.