6.7. GEGL-operasjon

Figur 13.181. Verktøyet GEGL

Verktøyet GEGL

GEGL («Generic Graphical Library») er eit grafisk bilethandteringssystem som blir brukt for å utføre ulike prosessar på bilete i GIMP.

GEGL blei lagt til i GIMP 2.6 som eit eksperimentelt verktøy for GIMP-utviklarane. Med dette verktøyet kan du utføre GEGL-operasjonar på biletet og samstundes sjå resultatet på skjermen.

[Åtvaring] Åtvaring

GEGL er førebels på eit svært tidleg eksperimentstadium under stadig utvikling.

GEGL-operasjonane er eksperimentelle.

6.7.1. Aktivering

Du kan få fram dette verktøyet bare frå biletmenyen via VerktøyGEGLoperasjonar.

[Tips] Tips

I tillegg til å utføre spesielle GEGL-operasjonane med dette verktøyet, kan du også setje opp GIMP til å bruke GEGL for alle fargeoperasjonane.

6.7.2. Innstillingar

Figur 13.182. Innstillingane for «GEGLoperasjonar»

Innstillingane for «GEGLoperasjonar»

Verktøyet GEGL utan valde operasjonar.


Innstillingar

Klikk på denne knappen for å velje kva operasjon som skal brukast på det aktive utvalet, eller på heile laget dersom det ikkje finst utval.

Noen av desse operasjonane er svært enkle, som f. eks. «color» som fyller det aktive utvalet eller laget med ein spesifisert farge. Andre lager meir kompliserte mønster, som f. eks. «fractal-explorer» — tilsvarande teiknefiltra.

Hugs at dette er eit eksperimentelt verktøy, så kanskje ikkje alle operasjonane verkar, eller kanskje til og med krasjar GIMP. Sidan desse operasjonane er i stadig endring, er det liten grunn til å beskrive dei nærare førebels. Dei er stort sett heller ikkje opne for omsetjing til andre språk, korkje i sjølve GIMP eller i handboka.

Innstillingar

Kva for innstillingar som blir viste blir bestemt av kva for Operasjon som er vald:

Figur 13.183. Eksempel på bruk av «operasjonsinnstillingar»

Eksempel på bruk av «operasjonsinnstillingar»

GEGL-operasjonen «Gaussian Blur» er vald


Dersom innstillingane for den valde GEGL-operasjonen ikkje er sjølvforklarande som t.d. «Color», kan du sjå på det tilsvarande verktøyet utan GEGL. For eksempel kan filteret Fraktalutforskaren ha mykje dei same innstillingane som operasjonen «fractal-explorer».

Eller du kan bruke førehandsvisinga og eksperimentere med ulike innstillingar.

Førehandsvising

Dette valet er normalt avkryssa og gjer at du kan sjå endringane på biletet så snart operasjonen er ferdig. Du må trykke knappen OK for å legge operasjonen inn i biletet.

Verktøyknappane

Tilbakestill

Med denne knappen kan du setje innstillingane for det aktive verktøyet tilbake til førehandsinnstillingane

Avbryt

Klikk på denne knappen for å avbryte GEGLoperasjonen utan å forandre biletet. Dette er det same som å lukke vindauget ved hjelp av knappen Lukk oppe til høgre i biletramma.

OK

Du må trykke denne knappen for å legge den valde operasjonen til i biletet. Deretter blir dialogvindauge lukka.