2.8. Forgrunnsutval

Figur 13.29. Symbolet for «forgrunnutsvalet» i verktøyskassa

Symbolet for «forgrunnutsvalet» i verktøyskassa

Dette verktøyet blir brukt for å trekke ut forgrunnen frå det aktive laget eller frå eit utval. Det bruker ein spesiell metode, den såkalla SIOX-metoden (Simple Interactive Object eXtraction) som du kan finne meir om på Internett under [SIOX].

2.8.1. Bruksmåtar

Verktøyet bruker eit par steg for å lage eit utval:

  1. Marker sånn omtrentleg det området du vil trekke ut. Pass på å ta med minst mogleg av bakgrunnen. Når du aktiverer dette verktøyet, blir musepeikaren omforma til ein lasso for å vise at verktøyet arbeider på same måten som frihandsverktøyet (lassoen).

    Når du slepp opp museknappen, blir det umarkerte området av biletet dekka med ei mørkeblå maske. Dersom utvalet ikkje er lukka, vil endane bli lenka saman automatisk med ei rett linje. Musepeikaren skifter frå lassoen til målarpenselen.

    Figur 13.30. Grovmarkert forgrunn

    Grovmarkert forgrunn

  2. Bruk penselen og trekk ein kontinuerleg strek over dei fargane du vil ha med i utvalet innføre markeringa. Du kan endre breidda på penselen etter behov. Det er likegyldig kva farge du brukar, men sjølvsagt er det lurt å bruke andre fargar enn dei du finn i utvalet. Det er viktig at du ikkje teiknar over noen av bakgrunnsfargane.

    Figur 13.31. Streken teikna på forgrunnen

    Streken teikna på forgrunnen

    I dette eksemplet er det viktig at streken går over det gule midtpartiet i blomsten.


  3. Når du slepp opp museknappen, vil alle umarkerte område bli mørke:

    Figur 13.32. Område som skal markerast

    Område som skal markerast

  4. For å gjere markeringa om til eit utval må du trykke Enter-tasten:

    Figur 13.33. Forgrunnen er utvald

    Forgrunnen er utvald

[Notat] Notat

Så lenge du ikkje har brukt Enter-tasten kan du angre utvalet med menyvalet UtvalVel ingen. Kombinasjonen Ctrl + Z verkar ikkje på dette filteret. Har du bruk for å fjerne utvalet, må du klikke på biletet med eit anna verktøy.

2.8.2. Aktivering

Du kan aktivere dette verktøyet på to måtar:

  • ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa

  • eller frå biletmenyen via VerktøyUtvalsverktøyaForgrunnutsval.

  • Dette verktøyet har ingen snarveg, men du kan lage ein ved å gå inn på FilBrukarinnstillingarGrensesnittSet opp tastatursnarvegarVerktøyForgrunnsutval

2.8.3. Valtastane (normalinnstillinga)

Ctrl

Ved hjelp av Ctrl-tasten kan du veksle mellom at teikninga skal markere forgrunn eller bakgrunn.

2.8.4. Innstillingar

Figur 13.34. Innstillingane for verktøyet «forgrunnsutval»

Innstillingane for verktøyet «forgrunnsutval»

Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Modus, kantutjamning og mjuke kantar
[Notat] Notat

Mange av innstillingane er meir eller mindre felles for alle utvalsverktøya, og er nærare omtalte i Del 2.1.2, «Innstillingar». Bare innstillingar som er spesifikke for dette verktøyet er omtalte her.

Samanhengande

Dersom denne er aktivert, vil bare område som er samanhengande med penselstrøka bli valde. Dersom denne ikkje er aktivert, vil alle område med same farge bli valde.

Figur 13.35. Effekten av valet «samanhengande»

Effekten av valet «samanhengande»

To separate område med same farge. Bare det venstre området er markert med penselen.

Effekten av valet «samanhengande»

Det er merka av for samanhengande. Bare område nær den teikna streken er markert.

Effekten av valet «samanhengande»

Samanhengande er ikkje aktivert. Begge områda, sjølv om dei ikkje grensar mot kvarandre, er markerte.


Interaktive forbetringar

Dette er innstillingar som gjer det enklare å arbeide meir presist på markeringa:

Marker forgrunn

Dette er den forvalde innstillinga. Den teikna streken som markerer kva som skal vere med i utvalet bruker forgrunnsfarge frå verktøykassa.

Marker bakgrunn

Dette valet gjer at det du teiknar på ikkje blir med i utvalet. Du kan aktivere denne anten ved å trykke på radioknappen eller ved å halde nede Ctrl-tasten. Musepeikaren viser ein lite viskelêr og eit minusteikn. Verktøyet teiknar med bakgrunnsfargen frå verktøykassa. Pikslar som har same fargen som dei «utviska» pikslane blir ikkje markerte.

Liten pensel / stor pensel

Her bestemmer du kor stor penselen skal vere.

Utglatting

Denne kan brukast til å gjere utvalet litt uskarpt. Dette kan dekke over småfeil i utvalet.

Figur 13.36. Verknaden av utglattinga

Verknaden av utglattinga

I dette eksemplet er bakgrunnsfargen brukt for å teikna små hol i biletet (venstre).

Verknaden av utglattinga

Utglatting = 0: Hol større enn 1 piksel blir ikkje markerte.

Verknaden av utglattinga

Utglatting = 7: Hol mindre enn 3 pikslar breie er markerte.


Maskefarge

Dette er fargen som blir brukt for å maskere biletbakgrunnen. Du kan velje mellom raud, grøn eller blå.

Fargefølsemd

Denne funksjonen bruker fargemodellen L*a*b. Dersom biletet inneheld mange pikslar i same fargen men med ulike fargetoner, kan du gjere markeringa meir kjenslevart for denne fargen.