4. Transformasjonsverktøya

Figur 13.92. Eit oversyn over transformasjonsverktøya

Eit oversyn over transformasjonsverktøya

4.1. Felles eigenskapar

Denne gruppa inneheld åtte verktøy som blir brukte til å forandra presentasjonen av biletet eller eit biletelement, eit biletlag, eit utval eller ein bane. Desse verktøya forandrar ikkje innhaldet i pikslane, men plasseringa av dei i høve til kvarandre eller i høve til biletet. Kvart av verktøya har sitt eige dialogvindauge der du kan bestemme ulike innstillingar for verktøyet før du tar det i bruk.

4.1.1. Verktøyinnstillingar

Figur 13.93. Felles innstillingar for transformasjonsverktøya

Felles innstillingar for transformasjonsverktøya

Ein del innstillingar er felles for fleire av transformasjonsverktøya, og blir omtalte her. Dei innstillingane som er spesielle for einskilde verktøy blir omtalte saman med verktøyet.

Transformér

GIMP har tre knappar som du kan bruke for å bestemme kva for biletelement verktøyet skal arbeide på. (Knappane kan også heite «Flytt» eller «Spegelvend»).

[Notat] Notat

Hugs at valet du gjer blir gjeldande heilt til du trykker ein annan knapp, også om du avslutter arbeidet.

  • Når den første knappen, , er aktivert, vil verktøyet arbeide på det aktive laget. Dersom laget inneheld eit utval, vil verktøyet verke på dette i staden for på laget.

  • Når den andre knappen, , er aktivert, vil verktøyet verke bare på omrisset av utvalet, eller på heile laget dersom det ikkje finst utval.

  • Når du aktiverer den tredje knappen, , vil verktøyet arbeide bare på banen.

Retning

Retning bestemmer kva måte, eller retning, laget blir transformert:

Retningen er kva retning laget blir transformert, anten Framover (normal) eller Bakover (korrigerande). Framover betyr i denne samanhengen at biletet blir forandra til slik du ser det når du drar i handtaka som dukkar opp når du klikkar på biletet med eitt av desse verktøya.

«Bakover (korrigerande)» inverterer retningen. Hovudsakleg brukt saman med roteringsverktøyet for å korrigera bilete som t.d. har ein horisont som ikkje er vassrett eller ein vegg som ikkje er loddrett. Sjå Del 4.5, «Rotér».

Interpolasjon

Ved hjelp av nedtrekkslista kan du velje metode og såleis kvaliteten på transformasjonen:

Ingen

Pikselfargen blir kopiert frå den næraste pikselen i originalbiletet. Dette resulterer ofte i hakkete kantar («trappetrinn») og eit grovt bilete. Metoden er den raskaste. Metoden, som også blir kalla «næraste nabo», er den raskaste.

Lineær

Pikselfargen blir rekna ut som eit gjennomsnitt av dei fire næraste pikslane i originalbiletet. Dette gir eit tilfredsstillande resultat i dei fleste tilfella og er eit godt kompromiss mellom fart og kvalitet. Metoden blir ogs kalla «bilineær».

Kubisk

Pikselfargen blir rekna ut som eit gjennomsnitt av dei åtte næraste fargane i originalbiletet. Denne metoden gir som oftast det beste resultatet, men er naturleg nok den seinaste. Metoden blir også kalla «bikubisk».

Sinc (Lanczos3)

Denne metoden bruker den matematiske funksjonen Sinc og lager ein høgkvalitets interpolasjon.

Du kan bestemme kva metode som skal vere førehandsinnstilt i brukarinnstillingane

Klipping

Dersom transformasjonen skulle føre til at biletformatet blir endra, kan du her velje korleis biletet skal tilpassast forandringane.

Du har valet mellom fleire ulike klippemetodar:

Tilpassa

Figur 13.94. Eksempel på tilpassa klipping

Eksempel på tilpassa klipping

Originalbiletet

Eksempel på tilpassa klipping

Rotert med «tilpassa»

Eksempel på tilpassa klipping

Rotert med «tilpassa» og lerretet forstørra til lagstorleiken


Laget blir forstørra slik at det blir plass til heile laget. Omrisset for det nye laget er synleg. Du kan gjere også innhaldet i laget synleg med kommandoen BileteTilpass lerret til lag.

Klipp

Figur 13.95. Eksempel på klipping

Eksempel på klipping

Klipp


Med klipping: Alt som kjem utføre biletkanten blir klipt vekk.

Beskjer til resultatet

Figur 13.96. Eksempel på beskjer til resultatet

Eksempel på beskjer til resultatet

Roter 45° og beskjer resultatet

Eksempel på beskjer til resultatet

Beskjeringsgrensene er markerte med raudt. Gjennomsiktige område blir ikkje tatt med.


Dersom denne er vald, vil biletet bli beskore slik at dei gjennomsiktige områda i hjørna ikkje blir med i det ferdige biletet.

Beskjer med sideforhold

Denne innstillinga verkar som Beskjer til resultatet, men syter for at sideforholda er dei same som i originalbiletet.

Førehandsvising

I GIMP kan du velje mellom fire ulike former for førehandsvising for desse verktøya:

Omriss

Legg ei ramme rundt området, med eit handtak i kvart hjørne. Du kan dra i handtaka for å flytte ramma rundt på førehandsvisinga. Verknaden blir ikkje overført til biletet før du trykker knappen som aktiverer verktøyet.

Rutenett

Legg eit nett over området, med eit handtak i kvart hjørne. Du kan dra i handtaka for å flytte nettet rundt på førehandsvisinga. Verknaden blir ikkje overført til biletet før du trykker knappen som aktiverer verktøyet.

Bilete

Førehandsvisinga viser nå ein kopi av biletet, med ei ramme rundt. Flyttingane verkar på denne kopien. Det underliggande biletet blir synleg der kopien ikkje dekker biletet.

Bilete + rutenett

Begge er synlege samstundes.

Innstillingane med rutenett aktiverer ein nedtrekksmeny med to innstillingar: Talet på rutenettlinjer og Avstand mellom rutenettlinjene. Bruk glidebrytaren for å bestemme verdiane.

Dekkevne

Bruk glidebrytaren for å setje dekkevna for førehandsvisinga.

[Notat] Notat

Når du transformerer ein bane, vil førehandsvisinga vise bare omrisset. Dei andre innstillingane er utilgjengelege.