Dette verktøyet blir brukt for å velje område på biletet etter fargelikskap. Verktøyet liknar på tryllestaven, men medan denne vel samanhengande område, plukkar vel etter farge pikslar med same farge over heile biletet, uavhengig av avstanden mellom dei. Å klikke og dra med musemarkøren på biletet har heller ingen verknad.
Du kan hente fram dette verktøyet anten
frå biletmenyen via
→ → ,ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa
eller med tastesnarvegen Shift + O.
Dette verktøyet har ingen spesielle innstillingar for valtastane utover dei som er omtalte under felles valtaster.
Verktøyet blir aktivert ved at du klikkar på eit fargepunkt i biletet. Denne første pikselen du klikkar på, blir også referansepunktet for verktøyet. Du kan forandre terskelverdiane ved å klikke og dra på same måten som for tryllestaven.
Korleis du kan flytte dette utvalet er nærare omtalt i avsnittet å flytte utval. (Du kan flytte omrisset for utvalet med piltastane, men ikkje med musepeikaren).
Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via
→ → som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.Notat | |
---|---|
Mange av innstillingane er meir eller mindre felles for alle utvalsverktøya, og er nærare omtalte i Del 2.1.2, «Innstillingar». Bare innstillingar som er spesifikke for dette verktøyet er omtalte her. |
Felles innstillingar for utvalsverktøya
Alle desse innstillingane verkar på same måten som omtalt under verktøyinnstillingane for tryllestaven.