Rektangulære og elliptiske utval har to modus. I normalmodus er utvala sett opp med fire handtak. Dersom du klikkar i utvalet eller trykker Enter vil handtaka forsvinne. Bare det prikka omrisset (dei marsjerande maura) er synleg. Dei andre utvalsverktøya oppfører seg noe anleis.
Når du klikker og drar i handtaka, flytter du bare omrisset av utvalet. Innhaldet i det rektangulære eller elliptiske utvalet blir uforandra.
Vel flytteverktøyet sett til å flytte utvalet. Verktøyet har vala mellom å flytte utval, bane eller lag.
I dei fleste maskinoppsetta kan du flytte utvalet med piltastane. Måten du gjer dette på er systemavhengig. Dersom piltastane ikkje kan brukast til å flytte utvalet, prøv å plassere musepeikaren over utvalet og hald nede Alt-tasten (eller Ctrl + Alt, Shift + Alt eller Alt-tasten medan du bruker piltastane). Ein eller annan av desse kombinasjonane vil kanskje flytte utvalet 1 piksel eller 25 pikslar om gongen. Held du musepeikaren over eit av siderektangla, kan du forandre storleiken på utvalet ved hjelp av piltastane, eventuelt saman med noen av tastekombinasjonane.
Dersom du klikkar og drar i utvalet utan handtaka, vil du lage eit nytt utval. Ønskjer du å flytte utvalet med innhald må du
halde nede tastane Ctrl + Alt før du klikkar og drar utvalet. Det blir då oppretta eit flytande utval medan den opphavlege plassen blir tømt. Tastekombinasjonen er avhengig av kva system maskinen er sett opp med. Sjå i statuslinja om der er andre forslag som t.d. Shift + Ctrl + Alt.
halde nede tastane Shift + Alt medan du klikkar og drar utvalet omkring utan at den opphavlege plassen blir tom. Også i dette tilfellet blir det laga eit flytande utval.
Notat | |
---|---|
På noen systemoppsett må ein trykke Alt-tasten før Shift eller Ctrl. I desse systema vil Shift eller Ctrl resultere i at GIMP legg utvalet til eller trekker det frå det eksisterande utvalet. Alt-tasten vil etter det ikkje ha noen verknad. |
Dei andre utvalsverktøya (frihandsutvalet, tryllestaven og vel etter farge) har ingen handtak og kan ikkje flyttast utan vidare. Også her må du halde nede tastane Ctrl + Alt eller Shift + Alt før du klikkar og drar utvalet på plass.
Du kan bruke piltastane, eventuelt samstundes med Alt-tasten, for å flytte omrisset av utvalet.
Notat | |
---|---|
Ein annan, meir generell måte å flytte eit utval på er å lage det om til eit flytande utval ( → ) og flytte rundt på dette ved å klikke og dra eller med piltastane. Den opphavlege plassen for utvalet blir tom. Ønskjer du å unngå dette, kan du i staden bruke kopier og lim inn. |