Luftpenselen er den digitale varianten av ulike former for luftverktøy som blir brukte for å legge farge på biletet. Dette verktøy er spesielt hendig når du skal teikne med mjuke strekar.
Du kan hente fram dette verktøyet anten
frå biletmenyen via
→ → ,ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa
eller med tastesnarvegen A (for «Air»).
Ctrla endrar luftpenselen til ein fargeplukkar.
Shift-tasten gjer at luftpenselen teiknar rette linjer. Held du nede Shift medan du klikkar på , vil det bli teikna ei rett linje frå det punktet du sist klikka på og til det nye klikkpunktet. Du kan halde fram med nye klikk.
Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via
→ → som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.Med denne glidebrytaren kan du bestemme kor stor dysa til luftpenselen skal vere, dvs. fargemengda penselen skal gi frå seg. Dess høgare tal, dess meir farge på kortare tid. (Burde heitt «dyse», men det er ikkje avsett plass til dette i kjeldeteksten).
Med denne glidebrytaren kan du bestemme lufttrykket, dvs. kor mykje farge penselen skal gi frå seg i kvart strøk. Dess høgare tal, dess mørkare vil kvart strøk bli.