5.6. Peikardialogen

Figur 14.80. Peikardialogen

Peikardialogen

I dette dialogvindauget får du umiddelbar informasjon om posisjonen til musemarkøren og kanalverdiane i den valde fargemodellen for den pikselen det blir peika på.

5.6.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge».

Du har tilgang til dialogvindauget

  • frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugePeikar

  • eller frå fanemenyen ein annan dialogmeny ved å klikke på fanen og velje Legg til fanePeikar

5.6.2. Innstillingane for dialogen «Peikar»

Peikarinformasjon

Pikslar

Viser posisjonen til pikselen det blir peika på i x-koordinat (horisontalt) og y-koordinat (vertikalt) med det øvre, venstre hjørnet som utgangspunkt (0,0).

Einingar

Viser koordinata i tommar.

Kanalverdiar

Kanalverdiane for den valde fargemodellen er viste nedanfor. Begge nedtrekksmenyane inneheld dei same vala slik at du lett kan samanlikne fargeverdiane for ein bestemt piksel i ulike fargemodellar. «Hex» er HTML-notasjonen for pikselfargen. Vala i nedtrekksmenyane er:

Piksel

Kanalverdien i RGB. Dette valet viser pikselverdiane for kvar av fargane raud, grøn, blå og alfa som tal mellom 0 og 255.

RGB

Kanalverdien i RGB. Dette valet viser pikselverdiane for kvar av fargane raud, grøn, blå og alfa som prosent og som hexadesimal.

Viser verdien av Kulør i grader. Metning, Lysverdi og Alfa for pikselen i prosent.

Kanalverdien i HSV. Dette valet viser pikselverdiane for kvar av fargane raud, grøn, blå og alfa som prosent.

Viser verdien av Cyanblå, Magentaraud, Gul, Svart og Alfa for pikselen i prosent.

Kanalverdien i CMYK. Dette valet viser pikselverdiane for kvar av fargane raud, grøn, blå og alfa som prosent.

Flett synlege

Dersom dette valet er avkryssa, som er normalinnstillinga, vil flettinga gjelde alle laga. Elles vil flettinga bare gjelde det aktive laget.