3.21. Modular

Modulhandteraren viser kva for utvidingsmodular som er tilgjengelege. Om du ønskjer det, kan du ha ein viss kontroll med kva for modular som skal lastast ned. Modulane styrer funksjonar som t.d. å velje fargar eller vise filtrering. Alle endringar du gjer i dette dialogvindauget vil bli aktiverte neste gong du opnar GIMP. Vala du gjer, vil også påverka minnebruken og oppstarttida for GIMP. (Til vanleg har du ikkje bruk for å forandra desse innstillingane).

3.21.1. Aktivering

  • Du får tilgang til dette menyinnslaget frå biletmenyen via RedigerModular

3.21.2. Dialogen for «Modulhandteraren»

Figur 15.23. Dialogvindauget for «Modulhandteraren»

Dialogvindauget for «Modulhandteraren»

Vindauget i modulbehandlaren viser alle lastbare modular.

Du kan klikke i rutene for å markere eller avmarkere modulane. Alle dei markerte modulane vil bli lasta inn automatisk neste gong du opnar GIMP.

Du vil ikkje oppdaga skilnaden før du prøver å ta modulane i bruk. Det er for eksempel mange fargeveljarar for å velje forgrunnsfarge eller bakgrunnsfarge. Noen av desse er modular som bare er tilgjengelege når dei er aktiverte i modulhandteraren:

Figur 15.24. Eksempel på modular: Modular for fargeveljing

Eksempel på modular: Modular for fargeveljing

Fargeveljarmodulane er lasta inn

Eksempel på modular: Modular for fargeveljing

Fargeveljarmodulane er ikkje lasta inn


Opplysningar om den valde modulen blir vist nedst i dialogvindauget for dei modulane som er lasta ned.

I den andre kolonna blir føremålet med dei nedlasta modulane vist. Dersom modulen ikkje er lasta inn, blir katalogbanen vist i staden.

Klikk på knappen Oppdater for å oppdatere lista over modulane. Modular som er fjerna frå harddisken vil bli fjerna, medan nye modular som måtte bli fundne blir lagt til.