Denne kommandoen høyrer til ei gruppe tekstkommandoar som er synlege bare når det er tekstlag i biletet.
Når du legg til tekst i biletet, vil GIMP registrere dette som spesielle data. Denne kommandoen fjernar denne informasjonen og gjer tekstlaget om til eit vanleg biletlag med punktgrafikk. Nytteverdien av denne kommandoen kan diskuterast.
Også når du bruker grafiske operasjonar på eit tekstlag, vil laget automatisk bli omforma til punktgrafikk. Du kan få tilbake tekstinformasjonen ved å angra operasjonen som modifiserte tekstlaget.