7.51. Skaler laget

Kommandoen Skaler laget forstørrer eller forminsker både laget og innhaldet i laget. Som vanleg ved skalering, blir kvaliteten på biletet redusert. Kommandoen opnar eit dialogvindauge der du kan bestemma kor stort du vil ha laget, og kvaliteten på biletet.

7.51.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagSkaler laget

7.51.2. Beskriving av dialogen «Skaler laget»

Figur 15.116. Dialogvindauget for «Skaler laget»

Dialogvindauget for «Skaler laget»

Lagstorleik

Når du forstørrer eller forminsker eit bilete, vil kvaliteten på biletet alltid bli litt forringa. Sjå nedanfor.

Breidde og høgde

Når du opnar dialogen, vil dei gjeldande verdiane for laget bli vist i dialogboksane. Du set dei nye verdiane for Breidde og Høgde anten ved å skrive tal i tekstboksen eller bruke pilane. Til vanleg vil forholdet mellom høgde og breidde vere konstant, men ved å klikke på lenkesymbolet kan du opna lenka og såleis skrive inn verdiar uavhengige av kvarandre. Om du gjer dette, er det sjølvsagt ein risiko for at laget kan bli noe forvrengt.

Dersom du vil bruke andre måleeiningar enn pikslar, finn du desse i nedtrekksmenyen. Vel du prosent, vil storleiken bli sett relativ til originalstorleiken. Bruker du fysiske måleeininga som t.d. mm, må du vere observant på X/Y oppløysinga til biletet.

Når du forstørrer eit bilete blir verdiane til dei manglande pikslane kalkulerte ut frå eksisterande pikslar. Det blir ikkje lagt inn nye detaljar i biletet. Dess meir eit bilete blir forstørra, og dess fleire gonger du forstørrar biletet, dess utydelegare blir resultatet. Kor mykje biletet blir forringa, er litt avhengig av kva interpoleringsmetode du vel å bruke. Det er råd å forbetra resultatet litt ved hjelp av filteret gjer skarpare, men det beste er å bruke høgare oppløysing ved fotograferinga eller skanninga dersom dette er mogleg. I det heile er det alltid er vanskeleg å få til eit godt resultat ved forstørring av digitale bilete. Noe av det same gjeld for så vidt også ved forminsking, som skjer ved at pikslar blir fjerna frå biletet. Dersom du ikkje treff heilt ved første forsøket, ikkje forstørr vidare frå dette, men gå tilbake til det originale biletet (angrefunksjonen) og forstørr derifrå igjen.

Kvalitet

Nedtrekksmenyen blir brukt for å velje kva metode GIMP skal bruke for å fjerne eller legge til pikslar.

Interpolasjon
Ingen

Det blir ikkje brukt noe som helst form for interpolering. Pikslane blir forstørra eller fjerna på same måten som ved zooming. Gir låg kvalitet, men er svært rask.

Lineær

Denne metoden er eit godt kompromiss mellom fart og kvalitet.

Kubisk

Gir det beste resultatet, men kan ta lang tid.

Sinc (Lanczos3)

Lanczos-metoden (uttale: «lan'zosj») bruker den matematiske funksjonen sinc[11] for å rekne ut høgkvalitets interpolasjon.



[11] Sinus cardinalis