Dialogen dimensjonane og oppløysinga biletet skal ha når du skriv det ut. Talet på pikslar i, eller storleiken på biletet blir ikkje forandra. Ønskjer du å forandra storleiken, bruker du kommandoen skaler biletet.
blir brukt for å setjeUtskriftoppløysinga bestemmer kor mange pikslar det går på kvar del i måleeininga. Dette er ikkje det same som skrivaroppløysinga, som blir uttrykt i dpi (dots per inch = prikkar per tomme). Det går med fleire slike «dots» for å skrive ut ein piksel.
Når du opnar dialogvindauget, blir biletoppløysinga vist i tekstrutene. Dersom du aukar utskriftoppløysinga, vil du sjå at formatet minkar. Dette fordi det blir brukt fleire pikslar for å få fram ei bestemt lengde på biletet. Det er vel unødvendig å skrive at lågare oppløysing fører til at biletet blir større.
Aukar du oppløysinga, blir biletutskrifta skarpare. Verken pikslane eller annan informasjon om biletet blir forandra. Difor er dette ein heilt annan prosess enn å endre storleiken ved å skalere biletet.
Her bestemmer du breidde og høgde for utskrifta ved å skrive tal i dei aktuelle boksane, eller ved å bruke pilene. Du kan velje måleeining frå nedtrekksmenyen.
Du vil sjå at når du forandrar verdiane for breidde og høgde, vil også verdiane for X- og Y-oppløysing bli forandra. Dersom dei to oppløysingsverdiane er lenka saman, vil forholdet mellom breidde og høgde bli oppretthalde automatisk. Ønskjer du å setje desse verdiane uavhenge av kvarandre, må du opne lenka ved å klikke på henne.
Oppløysinga som blir brukt for å rekne ut den fysiske breidda og høgda på utskrifta.
Bruk desse innskrivingsfelta for å skrive inn kor stor oppløysing du ønskjer for biletet. Dersom lenkesymbolet viser ei lukka lenke, betyr dette at verdiane er lenka til kvarandre. Dersom du bryt lenka ved å klikka på henne, kan du skrive inn verdiar uavhengige av kvarandre.