10.5. Undermenyen «Python-Fu»

Figur 15.201. Undermenyen «Python-Fu»

Undermenyen «Python-Fu»

Normalt inneheld denne undermenyen bare Python-Fu-konsollen slik som på biletet.

Python-Fu er ei samling av Pythonmodular som blir brukte i samband med libgimp for å skrive programtillegg («plug-ins») for GIMP.

10.5.1. Aktivering av undermenyen

  • Du har tilgang til dette menyinnslaget på biletmenyen via FilterPython-Fu

10.5.2. Python-Fu-konsollen

Python-Fu-konsollen er eit dialogvindauge som køyrer eit «Python shell», dvs. eit Python tolkeprogram. Konsollen bruker rutiner frå det interne GIMP-biblioteket libgimp.

Du kan bruke Python-Fu-konsollen for å teste ut Python-kommandoane interaktivt.

Konsollen inneheld eit stort hovudvindauge for inn- og uttdata der du kan skrive Python-kommandoar. Når du skriv inn ein Python-kommando i innskrivingsboksen og trykker på Enter-tasten vil kommandoen bli handtert av Python og både kommandoen du skreiv inn og returverdien for denne bli skriven ut i hovudvindauget, eventuelt ei feilmelding dersom det er feil i kommandoen.

Figur 15.202. Python-Fu-konsollen

Python-Fu-konsollen

Knappane i Python-Fu-konsollen

Lagra

Eit trykk på denne knappen vil lagra innhaldet i hovudvindauget, altså inn- og utdata frå Python-Fu-konsollen, inklusive «>>>»-teikna).

Tøm

Trykk på denne knappen for å fjerna innhaldet i hovudvindauget. Innhaldet forsvinn for alltid og kan ikkje hentast inn igjen på noen måte.

Bla gjennom («Browse»)

Klikk på denne knappen for å opna prosedyrelesaren med ein ekstra knapp Bruk nedst i vindauget.

Når du trykker på knappen Bruk i prosedyrelesaren vil det bli limt eit oppkall til den valde prosedyren inn i konsollvindauget som ein Python-kommando:

Innskrive PDB-prosedyre

Du må nå bare bytte ut parameternamna (her: «width», «height» og «type») med høvelege verdiar, for eksempel

image = pdb.gimp_image_new(400, 300, RGB)

Trykk deretter Enter for å køyre kommandoen.

Du , bruke konstantane du finn i omtalen av prosedyreparametra, f. eks. «RGB-IMAGE» eller «OVERLAY-MODE». Hugs at du må erstatte bindestrekar («-») med understrekar («_»): RGB_IMAGE, OVERLAY_MODE.

[Tips] Tips

Python-Fu er ikkje avgrensa til å kalle opp prosedyrar frå PDB, (GIMP sitt prosedyrearkiv). For å lage eit nytt biletobjekt som det i eksemplet ovanfor, kan du også skrive

              image = gimp.Image(width, height, type)
            

(med aktuelle verdiar for «width», «height» og «type»).

Lukk

Trykk på denne knappen for å lukke konsollen.