PDB. Lesaren blir mest brukt av folk som skriv eigne skript eller programtillegg.
viser dei prosedyrane som finst i prosedyredatabasen PDB. Desse prosedyrane er funksjonar som blir kalla opp av skript eller programtillegg. Du finn meir om dette i ordlista underFiguren ovanfor viser dialogvindauget for prosedyrelesaren. Dersom du klikkar på eit prosedyrenamn i lista til venstre, vil det til høgre i biletet dukke opp litt informasjon (på engelsk) om programmet. Du kan også søke etter ein prosedyre ved å skrive namnet, eller deler av det, i tekstruta Søk:
Viser ei liste over prosedyrar der delar av det innskrivne ordet i finst i kodenamna.
Viser ei liste over prosedyrar der det innskrivne ordet i finst i ein eventuell omtale.
Viser ei liste over prosedyrar som har det innskrivne ordet i ein eventuell tilleggsinformasjon.
Viser ei liste over prosedyrar som har delar av det innskrivne ordet i namnet på programmeraren.
Viser ei liste over prosedyrar som har delar av det innskrivne ordet i namnet på den som har opphavsrett.
Viser ei liste over prosedyrar som har dato som inneheld det innskrivne årstalet.
Notat | |
---|---|
Denne spørringa bruker tekst og ikkje datoverdiar. Du kan såleis ikkje finne ein del av prosedyreinnslaga sjølv om datoen inneheld året du skreiv inn. For eksempel vil årstal skrive som «2000-2005» ikkje finne prosedyrar datert i 2001, men bare dei som er daterte i 2000 og 2005. |
Viser ei liste med prosedyrar som er av ein av fire typar: «Internam GIMP procedure», «GIMP Plug-In», «GIMP Extension» eller