2.3. Hent inn

Figur 15.7. Undermenyen «Hent inn»

Undermenyen «Hent inn»

Dette menyvalet har dei same innslaga som «Hent» i tidlegare utgåver av GIMP, men inneheld også forslag til logoar, knappar, mønsterelement osv.

Sidan GIMP i desse menyvala kallar opp systemfunksjonar i datamaskinen, kan innhaldet i dette menyvalet kan variera ein del i høve til kva systemoppsett datamaskinen har.

2.3.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette innslaget på biletmenyen via FilHent inn

2.3.2. Frå utklippstavla

Når du kopierer eit uval vil kopien bli lagra på utklippstavla slik at du kan bruke han i nye bilete.

Denne kommandoen gjer det same som kommandoen lim inn som nytt

Tasten Print Screen vil hente eit skjermbilete av skjermen og legge dette i utklippstavla. Han gjer altså det same som valet «Ta eit bilete av heile skjermen» i dialogvindauget skjermbilete. For å ta eit bilete av det aktive vindauget, med alle dekorasjonar, bruker du tasten Alt saman med Print Screen.

2.3.3. Skjermbilete

Figur 15.8. Vindauget «skjermbilete»

Vindauget «skjermbilete»

Menyvalet Skjermbilete opnar eit todelt dialogvindauge:

Område
Knips eit bilete av eit enkelt vindauge

Musepeikaren skifter til eit kryss og du kan nå klikke i det vindauget du vil ta bilete av for å lage eit nytt bilete av det. Dersom det ikkje er avkryssa for Inkluder vindaugedekorasjonar, vil tittellinja og ramma rundt biletet ikkje bli tatt med.

Ta bilete av heile skjermen

Dette kan vere nyttig når du vil ta eit bilete av ein oppsprettmeny el.l. Det kan då vere nødvendig med ei forseinking slik at du får tid til å hente fram menyen.

Dersom det er kryssa av for Inkluder musepeikaren (ikkje i mi utgåve), vil også musepeikaren bli med på biletet. Musepeikaren blir lagt inn i eit separat lag slik at du kan flytte han dit du ønskjer.

Vel område som skal hentast inn

Musepeikaren får korsform. Du kan nå klikke og dra eit rektangelutval på biletet. Dette utvalet vil bli opna som eit nytt bilete med same storleik som rektangelet.

Forseinking

Når du tar bilete av heile skjermen, vil biletet bli tatt etter denne forseinkinga. Musepeikaren skifter til eit kryss når biletet blir tatt.

2.3.4. Utstyr for bilethenting

Dette menyinnslaget er bare aktivt dersom maskinen har utstyr for å hente inn bilete. Utsjånaden på dialogvindauget blir bestemt av operativsystemet, ikkje av GIMP.

Figur 15.9. Skannar og kamera

Skannar og kamera

Utstyr for å hente inn bilete er alt for variert til å bli omtalt her. Heldigvis er det meste nokså intuitivt. I det viste eksemplet er maskinen tilkopla skanner og webkamera.

2.3.5. Knapper, logoar, mønsterelement, tema for nettsider

Ei imponerande liste over Script-Fu-program.