3.4. Tone inn/ut

Denne kommandoen er bare aktivert når du bruker fyllfunksjonen, blandeverktøyet eller noen bestemte filter.

Kommandoen gjer at du kan endra teiknemodus og dekkevne for den sist utførte teikneoperasjonen (fyll, bland, filter) ved å opprette ein fargeovergang mellom den nåverande og den tidlegare tilstanden til laget. Dette blir gjort ved å kopiere det aktive teikneorådet, angre siste operasjon og lime inn kopien som eit nytt lag. Deretter blir dekkevna for det nye laget set før laget blir fletta saman med teikneområdet igjen.

3.4.1. Aktivering

Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via RedigerTon inn/ut

3.4.2. Innstillingar

Kommandoen opnar eit dialogvindauge:

Figur 15.16. Dialogen for «Ton inn/ut»

Dialogen for «Ton inn/ut»

Modus

Denne nedtrekkslista inneheld ulike lagmodus som du kan bruke.

Dekkevne

Denne glidebrytaren styrer dekkevna til fargen brukt av fyll- eller fargeovergangsverktøyet. Låge verdiar gjer at den opphavlege teikninga blir meir synleg, medan høge verdiar gjer resultatet av verktøybruken meir synleg. Verknaden er avhengig av kva modus du har vald for flettinga. Effekten er synleg i førehandsvisinga, men blir ikkje overført til biletet før du trykker knappen Uttoning.