16.4. Kaffiflekkar

16.4.1. Oversyn

Figur 16.367. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “kaffiflekkar


Dette filteret legg inn svært naturlege flekkar med kaffisøl i biletet. Du bestemmer sjølv kor mange flekkar, frå 1 til 10, som skal leggjast inn.

Kvar flekk får sitt biletlag som blir flytt tilfeldig rundt i biletet for å spreie flekkane. Når filteret har gjort seg ferdig, er det difor enkelt å flytte på flekkane, skalere dei eller redigere dei på andre måtar. Har du behov for fleire flekkar, er det bare å køyre filteret ein gong til.

16.4.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterDekorKaffiflekkar

16.4.3. Innstillingar

Figur 16.368. Innstillingane for filteret “kaffiflekkar

Innstillingane for filteret kaffiflekkar

Flekkar

Talet på flekkar (1-10).

Gjer bare mørkare

Sidan kvar flekk har sitt eige biletlag, må desse laga flettast saman ved bruk av lagmodus for å gjere flekkane synlege. Dersom det er kryssa av i denne ruta, vil laga bli sett til modus “gjer bare mørkare”. Utan avkryssing blir modus sett til “normal”. Valet du gjer her er ikkje så viktig, sidan du kan forandre modus seinare ved å gå inn i lagdialogen.

Lagmodus bestemmer korleis laga skal blandast saman. I normalmodus vil kvar piksel i kaffiflekken dekke over den tilsvarande pikselen i laget under. I modus “gjer bare mørkare” vil ein piksel i kaffiflekken vere synleg bare dersom denne er mørkare enn den underliggande pikselen.