9.12. Oljemaling

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2570 $ 2008-02-09 kost

9.12.1. Oversyn

Figur 16.196. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “oljemaling


Som namnet indikerer, gjer dette filteret at biletet blir nokså likt eit oljemaleri. Du kan bestemma kor stor pensel filteret skal bruke med kommandoen Penselbreidde.

[Tips] Tips

Ønskjer du meir kontroll med korleis “oljemalieriet” skal sjå ut, kan du prøve filteret GIMPressionist som kan gjere nokolunde det same, men med fleire innstillingar.

9.12.2. Å opne filteret

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterArtistiskOljemaling

9.12.3. Innstillingar

Figur 16.197. Innstillingane for filteret “Oljemaling

Innstillingane for filteret Oljemaling

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.

Penselbreidde

Med denne glidebrytaren bestemmer du kor grov pensel du vil bruke. Ein brei pensel gir ein meir “maleriliknande” utsjånad.

Bruk intensitetsalgoritme

Dersom denne er aktivisert, vil biletdetaljane og fargane bli meir likt originalbiletet.

(Førebels manglar omtale av avbildingsfunksjonane som kom med versjon 2.4).