9.4. GIMPressionist

9.4.1. Oversyn

Figur 16.160. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “GIMPressionist


Dette filteret er det mest omfattande i denne kategorien. Det kan gjere det same som filtera Kubisme og Lerret og ein heil del i tillegg. Resultatet blir omlag som om du har malt biletet på papir med ein eller annan fritt vald pensel. Filteret arbeider på det aktive laget.

9.4.2. Å opne filteret

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterArtistiskIMPressionist

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterArtistiskIMPressionist

9.4.3. Innstillingar

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner ikkje endringane i biletet før du har trykt på knappen Oppdater. Dette rett og slett fordi filteret bruker så mykje datakraft at det ville seinka arbeidet stendig å måtte oppdatera i tillegg. Skulle du kome for langt ut på viddene, kan du alltid bruke knappen Nullstill for å setje alle parametra tilbake til “fabrikkinnstillingane”.

Førehandsinnstillingar

Figur 16.161. Innstillingane for “Førehandsinnstillingar” i filteret “GIMPressionist

Innstillingane for Førehandsinnstillingar i filteret GIMPressionist

Filteret “GIMPressionist” har mange ulike innstillingar. I tillegg kan desse innstillingane kombinerast og såleis gi nesten uteljande mange ulike påverknader på biletet. Difor er det også viktig å lagra eventuelle interessante innstillingar du måtte kome fram til. Det er uråd å hugse alle kombinasjonane. Sidan utvalet er så stort, er det også vanskeleg å vite på førehand kva resultatet blir.

  • Lagra innstillingane: Bruk dialogboksen til venstre for denne knappen til å gi innstillingane eit namn. Du kan også lage ei kort beskriving i dialogvindauget som dukkar opp.

  • Bruk: Trykk på denne knappen for å hente parametra for den valde førehandsinnstillinga i lista.

  • Slett: Trykk på denne knappen for å slette den valde førehandsinnstillinga i lista. Du kan bare slette innstillingar du har laga eller lagt inn sjølv.

  • Oppfrisk: Oppdaterer lista over førehandsinnstillingar.

Fanen “Papir

Figur 16.162. Innstillingane for “Papir” i filteret “GIMPressionist

Innstillingane for Papir i filteret GIMPressionist

I denne fanen kan du velje teksturen på biletoverflata frå lista med ferdiglaga teksturane. Strukturen for den valde teksturen blir vist i ei førehandsvising.

Inverter

Inverterer den valde teksturen slik at det som før såg ut som ei hole nå ser ut som ein hump, og omvendt.

Overlegg

Den valde teksturen blir lagt over biletet som eit gjennomsiktig papir i staden for å påverka biletet direkte.

Skalering

Denne glidebrytaren bestemmer storleiken på teksturen i prosent av originalen. 100% betyr at mønsteret blir det same som vist i førehandsvisinga.

Relieff

Med denne glidebrytaren bestemmer du styrken på teksturen, altså kor mykje teksturen skal vere synleg i biletet.

Fanen “Pensel

Figur 16.163. Innstillingane for “Pensel” i filteret “GIMPressionist

Innstillingane for Pensel i filteret GIMPressionist

I denne fanen finn du alle “reiskapa” som blir brukte for å male på biletet. Du finn her ei liste over alle tilgjengelege “penslar” og ei førehandsvising av den valde penselen.

Gamma

Den lille glidebrytaren blir brukt for å velje gammaverdi for den valde penselen. Gammaverdiane påverkar lysverdien i midttonene i biletet.

Vel

Det er også råd å bruke eigne bilete som penslar. Einaste kravet er at biletet må vere synleg på skjermen før du opnar filteret. Naturlegvis bør slike bilete ver nokså små for å få ein brukbar effekt.

Dersom biletet du bruker har fleire biletlag, vil kvart av desse bli vist i utvalslista, og i førehandsvisinga dersom laget er aktivisert, og kan bli brukt som pensel.

Du kan lagra den aktiviserte penselen ved å trykke på knappen Lagra som.

Sideforhold

Denne glidebrytaren blir brukt for å bestemma forholdet mellom høgde og breidde for penselen. Den minste verdien (-1,0) set penselen til full horisontal breidde og neste ikkje høgde. Maksimalverdien (1,0) gjer penselen mykje høgare i høve til breidda. Forandringane blir viste i førehandsvisinga.

Relieff

Her bestemmer du mengda av farge for kvart strøk. Høge verdiar kan gi ein effekt av å legge på maling med palettkniv.

Fanen “Orientering

Figur 16.164. Innstillingane for “Orientering” i filteret “GIMPressionist

Innstillingane for Orientering i filteret GIMPressionist

Dei innstillingane som påverkar orienteringa av penselstrøka er samla i denne fanen. Ved å variera strøkretninga vil biletet bli meir likt slik ein malar gjer det.

Retningar

Her bestemmer du kor mange gonger penselen skal passera eit punkt med ulik strøkretning kvar gong. Resultatet blir eit tykkare malinglag.

Startvinkel

Denne glidebrytaren bestemmer ikkje bare vinkelen for første strøket, men gjer denne vinkelen til hovudretninga for dei fleste strøka. Dette blir ofte brukt for å gi inntrykk av rørsle i biletet.

Vinkelspenn

Vinkelspennet er kor mykje strøka kan variere i høve til hovudretninga. Skalaen går frå 0° til 360°.

Orientering

Her vel du ut kva kriteriar som skal bestemma retninga på penselstrøka.

  • Lysverdi : Retninga på penselstrøka blir bestemt ut frå lysverdien i området.

  • Radius : Retninga på penselstrøka blir påverka av avstanden frå sentrum av biletet.

  • Tilfeldig : Gir ei tilfeldig retning på penselstrøka.

  • Radial : Penselstrøka går frå sentrum i biletet og utover mot kantane.

  • Flygande : Eigentleg ikkje ei retning. Lager “svevande” penselstrok.

  • Kulør : Retninga på penselstrøka blir bestemt ut frå kuløren i området.

  • Tilpassande : Retninga på penselstrøka blir mest mogleg bestemt ut frå retningar i originalen.

  • Manuell : Dersom du trykker på knappen Rediger vil du få opp dialogen for Retningskartbehandlaren slik at du kan setje strøkretningane manuelt.

Fanen “Storleik

Figur 16.165. Innstillingane for “Storleik” i filteret “GIMPressionist

Innstillingane for Storleik i filteret GIMPressionist

I denne fanen er alle innstillingane som verkar inn på storleiken til penslane samla. Du kan også setje avgrensingar, og i tillegg velje kva som skal styre storleikane.

Storleikane

Dei tre glidebrytarane bestemmer kor store penslane skal vere og kor mange ulike storleikar du kan ha i biletet.

  • Storleikar: Kor mange ulike penselstorleikar som skal vere i bruk.

  • Min. storleik og Min. storleik: Penslane vil få ein storleik mellom desse verdiane.

Storleik

I denne tabellen vel du kva som skal styra storleiken på penselstrøka.

  • Lysverdi: Storleiken blir bestemt ut frå lysverdien i området.

  • Radius: Storleiken blir bestemt ut frå avstanden frå sentrum av biletet.

  • Tilfeldig: Set ein tilfeldig storleik for kvart strøk.

  • Radiell: Storleiken blir bestemt av retninga frå sentrum.

  • Flygande: Gjer at strøka følgjer eit “svevande” mønster.

  • Kulør: Storleiken blir bestemt ut frå kuløren i området.

  • Tilpassande: Storleiken blir mest mogleg tilpassa originalen.

  • Manuell: Dersom du trykker på knappen Rediger vil du få opp dialogen for Retningskartbehandlaren slik at du kan setje strøkretningane manuelt.

Fanen “Plassering

Figur 16.166. Innstillingane for “Plassering” i filteret “GIMPressionist

Innstillingane for Plassering i filteret GIMPressionist

I denne fanen kan du bestemme korleis penselstrøka skal fordelast i biletet.

Plassering

Når det gjeld måten å plassera penselstrøka på, har du to val:

  • Tilfeldig : Med dette valet blir penselstrøka fordelt tilfeldig i biletet. Dette gir ei meir realistisk teikning.

  • Likt fordelt: Med dette valet blir penselstrøka likt fordelt utover heile biletet.

Dekkevne

Bestemmer kor tett malinga skal vere. Med liten dekkevne vil papiret eller bakgrunnen vere synleg i område som ikkje er dekka av penselstrøk.

Orientert rundt midtpunktet

Konsentrer penselstrøka omkring sentrum av biletet.

Fanen “Farge

Figur 16.167. Innstillingane for “Farge” i filteret “GIMPressionist

Innstillingane for Farge i filteret GIMPressionist

Denne fanen blir brukt for å bestemme kva som skal styre penselfargen.

Farge

Du kan setje strøkfargen på to måtar:

  • Gjennomsnitt under penselen: Penselfargen blir gjennomsnittet av alle pikslane under penselen.

  • Midten av penselen: Penselfargen blir henta frå den pikselen som er under midten av penselen.

Fargestøy

Her kan du setje til støy i fargen for å gjere han mindre homogen.

Fanen “Generelt

Figur 16.168. Innstillingane for “Generelt” i filteret “GIMPressionist

Innstillingane for Generelt i filteret GIMPressionist

I denne fanen kan du bestemme kva som skal vere bakgrunnen i biletet. I tillegg styrer du også relieffverknaden for penselen frå denne fanen.

Bakgrunn

Her bestemmer du korleis den delen av biletet som ikkje blir dekka, heilt eller delvis, med penselstrøka skal sjå ut. Du har følgjande val:

  • Behald original: Det originale biletet blir brukt som bakgrunn.

  • Frå papir: Bruk teksturen i det valde papiret som bakgrunn.

  • Einsfarga: Her kan du velje bakgrunnsfarge ved å klikke på fargeruta.

  • Transparent: Bruker ein gjennomsiktig (transparent) bakgrunn. Bare dei malte penselstrøka vil vere synlege. Dette valet er bare tilgjengeleg dersom biletet har ein alfakanal.

Teikna kantane

Dersom denne er aktivisert, vil det bli teikna ein smal kant rundt penselstrøket.

Saumlaus

Dersom denne er aktivisert, vil biletet kunne flisleggast utan synlege saumar mellom bileta. (Flislegging er å legge mange kopiar av biletet ved sida og over kvarandre for å dekke eit større område). Høgresida vil passe til venstresida og botnen til toppen. Dette er spesielt nyttig dersom du bruker biletet som bakgrunn på ei nettside.

Skygge

Legg ein skyggeeffekt til penselstrøka.

Formørk ved kanten

Denne glidebrytaren bestemmer kor mykje kanten av strøket skal gjerast mørkare for kvart strok. Ein høg verdi gjer at relieffverknaden av strøka blir større.

Skyggeformørking

Denne glidebrytaren bestemmer kor mykje skyggen av strøket skal gjerast mørkare for kvart strok.

Skyggedjupn

Denne glidebrytaren bestemmer kor langt ut frå objektet skyggen skal nå.

Skyggesløring

Denne glidebrytaren bestemmer kor mykje skyggen skal slørast.

Avviksgrense

Dette er ein grenseverdi for kor store avvik som skal føre til reaksjonar der valet av m.a. penselstorleikar blir bestemt ut frå andre verdiar i biletet.