Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via → → →
      Dette filteret teiknar eit rutenett på biletet. Du kan bestemma
      linjebreidde,
      avstand,
      forskyving og ulike fargar for linjene og
      krysningspunkta for linjene. I utgangspunktet bruker filteret
      forgrunnsfargen i verktøykassa som linjefarge.
    
                 
               | 
              Tips | 
|---|---|
| 
                 Dersom du set linjebreidda til 0, vil bare krysspunkta vere synlege som små kryss.  | 
            
Du kan setje verdiane for dei vassrette og loddrette linjene og for krysspunkta kvar for seg. Normalt er innstillingane for linjene låste saman for å gi eit symmetrisk resultat, men du kan klikka på lenkesymbolet for å opna låsen og t.d. bruke ulike fargar på linjene.
Førehandsvisinga syner endringane i gitteret etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.
Bestemmer breidda på streken linjene eller symbola i krysspunkta blir teikna med.
Dette bestemmer avstanden mellom linjene i rutenettet. For Krysspunkta bestemmer dette parameteret kor stor del av innerdelen av krossen som skal vere utan farge.
Bestemmer kor mykje rutenettet skal forskyvast i høve til øvre, venstre bilethjørne. For krysspunkta bestemmer dette parameteret armlengda på krossane.
Dersom du klikkar i desse boksane, vil du opna for ein fargeveljar som kan brukast for å bestemma fargen på linjene i rutenettet og for krysspunkta.