7.2. Gradientrefleks

7.2.1. Oversyn

Figur 16.69. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbilete

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Gradientrefleks


Dette filteret imiterer dei, som oftast uønska, refleksane du kan få i objektivet når du fotograferer mot sola eller anna lyskjelde. Filteret har tre komponentar: Glød, som er den sentrale sirkelen, stråler og sekundærrefleksar.

7.2.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterLys og skyggeGradientrefleks

7.2.3. Innstillingar

Fanen Innstillingar inneheld ein del parametrar som du kan setje manuelt etter behov. Fanen Utval inneheld ei liste over ferdiginnstilte filter som du kan velje mellom.

Førehandsvising

Dersom det er markert for Automatisk førehandsvising vil verknadane av parametra du skriv inn bli viste i førehandsvisinga. Sjølve biletet blir ikkje påverka før du trykker på knappen OK.

7.2.4. Innstillingar

Figur 16.70. Innstillingane for filteret “Gradientrefleks

Innstillingane for filteret Gradientrefleks

Sentrum

X og Y: Du kan her skrive inn x- og y-koordinata for sentrum av refleksjonen. Utgangspunktet er som vanleg (0,0) i øvre, venstre hjørne.

Parameter
  • Radius: Her bestemmer du radius for effekten. Du kan bruke glidebrytaren, som har eit avgrensa verkeområde, eller du kan skrive inn verdiane direkte i skriveboksen.

  • Rotasjon: Roterer effekten frå -180° til 180°.

  • Fargerotasjon: Forandrer fargen på effekten ved å rotere fargane frå -180° til 180° på fargesirkelen.

  • Vektorvinkel: Blir brukt for å bestemma retningen på sekundærrefleksane. Område: 0° til 360°.

  • Vektorlengde: Bestemmer kor lange sekundærrefleksane skal vere.

Adaptiv utjamning

Dersom denne er avmerka, kan du bestemme Maks djupn og Terskel-verdi for kantutjamninga.

7.2.5. Utval

Figur 16.71. Innhaldet i fanen “Utval” i filteret “Gradientrefleks

Innhaldet i fanen Utval i filteret Gradientrefleks

I denne fanen finn du ei liste over ferdiglaga mønster for bruk i filteret. Du kan redigere dei eksisterande filtra eller lage nye.

Ny

Klikkar du på denne knappen, er det første som kjem opp eit dialogvindauge der du skriv inn namnet på det nye filtermønsteret.

Rediger

Eit trykk på denne knappen opnar for å redigere det valde filteret. Sjå meir om dette nedanfor.

Kopier

Bruk denne knappen når du vil gjere forandringar i eit mønster utan å forandre originalen.

Slett

Trykk på denne knappen for å fjerne det markerte mønsteret frå lista.

7.2.6. G-refleksbehandlaren

Generelt

Figur 16.72. Innstillingane for “G-refleksbehandlaren

Innstillingane for G-refleksbehandlaren

Innstillingane for glød
  • Dekkevne: Her bestemmer du kor mykje “gløden”, dvs. ringen i midten, skal vere synleg. Frå 0 til 100 %.

  • Teiknemodus: I denne menyen kan du velje mellom fire ulike modus:

    • Normal: Gløden legg seg oppå biletet utan å ta omsyn til fargane under.

    • Legg til: RGB-verdiane for pikslane i gløden blir lagt til RGB-verdiane for dei tilsvarande pikslane i biletet. Fargane blir lysare, og det kan også oppstå kvite område i gløden.

    • Overlegg: Lyse og mørke område i gløden forsterkar tilsvarande lyse og mørke område i biletet.

    • Skjerm: Mørke område i biletet blir opplyste av dei tilsvarande lyse områda i gløden. Dette blir omlag som å vise to dias på same skjermen.

Innstillingar for teiknig av stråler

Innstillingane er dei same som for Glød.

Innstillingar for den andre refleksen

Innstillingane er dei same som for Glød.

Glød

Figur 16.73. Innstillingane for “Glød” i “G-refleksbehandlaren

Innstillingane for Glød i G-refleksbehandlaren

Fargeovergang

Når du klikkar på denne knappen kjem det fram ei lang liste over tilgjengelege fargeovergangar. Dei overgangane som byrjar med “%” høyrer til editoren.

  • Radiell fargeovergang: Den valde overgangen blir teikna radielt ut frå sentrum mot kantane.

  • Rotert fargeovergang: Den valde overgangen blir rotert rundt sentrum i retning mot klokka med start klokka tre dersom Rotasjon er sett til 0. Radielle og roterte fargeovergangar blir kombinerte på same måte som i multipliser-modus, dvs. at lyse område blir forsterka og fargane blanda etter fargesystemet CMYK. (Sjå om ulike modus i avsnittet om Lagmodus).

  • Omfangsovergang: Forma på effekten blir bestemt av lysstyrkane (luminiteten) i den valde fargeovergangen. Ein lysstyrke på 0, dvs. svart farge, gir radius 0 % medan ein lysstyrke på 100 % (kvit) gir ein radius på 100 %.

Parametra
  • Storleik (%): Bestemmer storleiken på gløden frå 0 % til 200 %.

  • Rotasjon (%): Bestemmer kvar rotasjonsovergangen skal byrja. Skalaen går frå -180° til 180° med 0° tilsvarande klokka tre.

  • Kulørrotasjon: Her bestemmer du kva område (-180° til 180°) på HSV-sirkelen fargen skal hentast frå.

Stråler

Figur 16.74. Innstillingane for “Stråler” i “G-refleksbehandlaren

Innstillingane for Stråler i G-refleksbehandlaren

Fargeovergangar

Desse innstillingane er dei same som for Glød.

Parameter

Dei første tre vala er dei same som for Glød. Dei to nye er:

  • Tal på stråler: Her bestemmer du kor mange stråler, frå 1 til 300, som skal brukast.

  • Strålebreidde: Her bestemmer du, på ein skala frå 1 til 100, breidda på strålene.

Sekundærrefleks

Figur 16.75. Innstillingane for “Sekundærrefleks” i “G-refleksbehandlaren

Innstillingane for Sekundærrefleks i G-refleksbehandlaren

Fargeovergangar

Innstillingane er dei same som for Glød.

Parametra

Innstillingane er dei same som for Glød.

Form på sekundærrefleksen

Sekundærrefleksen er “satelittar” til hovudrefleksen, og kan ha to former: sirkel og polygon. Dersom du vel polygon, kan du bestemmer kor mange sider mangekanten skal ha. Av ein eller annan grunn blir mangekant med 1 side godkjent, men ikkje ein med 2 sider.

Tilfeldig frø
  • Tilfeldig frø: Slumpgeneratoren bruker denne verdien som utgangspunkt for å lage polygon med tilfeldig sidetal. Du kan bruke den same verdien fleire gonger for å få same tilfeldige sekvensen omigjen.

  • Slump: Når du klikkar på denne knappen, blir det laga eit tilfeldig startfrø for slumgeneratoren. Du vil for kvart trykk få eit nytt, tilfeldige tal.