5.3. Støvfjernar

5.3.1. Oversyn

Figur 16.45. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbilete

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Støvfjernar


Dette filteret blir helst brukt for å fjerne støvflekkar og riper på eit skanna foto, men kan også fjerne moiré-mønster på bilete skanna frå t.d. eit blad. For å unngå uventa effektar på resten av biletet, må du isolera defektane før du bruker filteret.

5.3.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterForbetraStøvfjernar

5.3.3. Innstillingar

Figur 16.46. Innstillingane for filteret “Støvfjernar

Innstillingane for filteret Støvfjernar

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner forandringane før du legg dei inn i biletet.

Median
  • Tilpassa: Dersom denne er aktivert, blir radius for innhaldet i biletet eller utvalet bestemt ut frå eit histogram. Glidebrytaren Radius er i så tilfelle ikkje aktiv. Denne innstillinga gir som oftast eit betre resultat enn når du stiller inn radius for hand.

  • Rekursiv: Dersom denne er avmerka, blir filteret køyrd fleire gonger for å forsterka verknaden.

Innstillingar
  • Radius: Her bestemmer du kor stort område filteret skal verke på. Skalaen går frå 1 (3 × 3 pikslar) til 20 (41 × 41 pikslar). Brytaren verkar ikkje dersom det er merka av for innstillinga Tilpassa.

  • Svartnivå: Fjernar pikslar som er mørkare enn innstillinga på denne glidebrytaren (0-255).

  • Kvitnivå: Fjernar pikslar som er lysare enn innstillinga på denne glidebrytaren (0-255).