11.35. Innfarging

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2529 $ 2008-08-07 KoSt

11.35.1. Oversyn

Figur 15.195. Verknaden av filteret

Verknaden av filteret

Originalbiletet

Verknaden av filteret

Verknad av filteret “innfarging


Filteret fargelegg biletet med ein vald farge i ulike sjatteringar. Effekten kan likna den du får når du ser biletet gjennom farga glas. Filteret verkar bare på bilete i RGB-modus.

11.35.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FargarInnfarging

11.35.3. Innstillingar

Figur 15.196. Innstillingane for filteret “Fargelegg

Innstillingane for filteret Fargelegg

Du kan her velje farge og bestemma metninga og lysverdien for denne.

Kulør

Ved hjelp av glidebrytaren kan du hente ein bestemt farge frå fargesirkelen. Skalaen går frå 0 til 360.

Metning

Ved hjelp av glidebrytaren kan du bestemma metninga, altså fargestyrken på ein relativ skala frå 0 til 100.

Lysverdi

Ved hjelp av glidebrytaren kan du bestemma kor lys eller mørk fargen skal vere på ein relativ skala frå -100 (mørk) til 100 (lys).