7.10. Lupeeffekt

7.10.1. Oversyn

Figur 16.100. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “lupeeffekt


Dette filteret gjer at ein del av biletet ser ut som det er sett gjennom ei sfærisk linse.

7.10.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterLys og skyggeLupeeffekt

7.10.3. Innstillingar

Figur 16.101. Innstillingane for filteret “Lupeeffekt

Innstillingane for filteret Lupeeffekt

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet før dei blir lagt til i biletet ved å trykke på knappen OK.

Behald originalomgivnadane

Lupa verkar bare på det aktive laget. Biletbakgrunnen blir uforandra.

Sett omgivnadane til bakgrunnsfargen

Den delen av det aktive laget som ligg utanom lupa vil få bakgrunnsfargen frå verktøykassa.

Gjer omgivnadane gjennomsiktige

Den delen av det aktive laget som er utanfor lupa vil bli gjennomsiktig. Dette valet er bare synleg dersom det gjeldande laget har alfakanal.

Brutningsindeks for linsa

Gjer linsa blir meir eller mindre konkav. Skala 1,0 - 100,0.