3.9. Pennen (blekkverktøyet)

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2562 $ 2008-02-20 kost

Figur 13.63. Symbolet for “pennen” i verktøykassa

Symbolet for pennen i verktøykassa

Dette verktøyet simulerer ein penn med utskiftelege splitter (“pennespissar”) som blir brukt for å skrive med blekk. Du kan bestemme breidda, forma og vinkelen på pennen etter kva slag avtrykk du ønskjer han skal gi.

3.9.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:

  • frå biletmenyen via VerktøyTeikneverktøyaPenn,

  • ved å klikke på symbolet i verktøykassa

  • eller med tastesnarvegen K.

3.9.2. Verktøyinnstillingar

Figur 13.64. Innstillingane for “pennen (blekkverktøyet)

Innstillingane for pennen (blekkverktøyet)

Du får fram verktøyinnstillingane ved å (dobbelt)klikka på verktøysymbolet i verktøykassa

Modus, dekkevne
Justering
Storleik

Bestemmer breidda på pennesplitta på ein skala frå 0, smalast, til 20, breiast.

Vinkel

Bestemmer hellingsvinkelen til pennesplitta, frå -90º til +90º.

Følsemd
Breidde

Bestemmer relativ breidde på splitta i høve til tidlegare innstilling. Legg merke til at null (0) ikkje gir null pennebreidde, men den minst moglege.

Helling

Bestemmer hellinga på splitta. Denne kontrollen verkar saman med vinkelkontrollen nemnd ovanfor, du må difor kanskje eksperimentera litt med desse to for å finna fram til den innstillinga du ønskjer. Innstillinga går frå 0 (minst helling) til 1 (mest helling).

Fart

Bestemmer breidda på splitta som ein funksjon av teiknefarten. Dette simulerer ein verkeleg penn, der streken blir tynnare dess raskare du strekar.

Type og form
Type

Du kan her velje mellom dei tre hovudformene til pennesplitta: sirkel, firkant og rombe.

Form

Du kan i tillegg endra utsjånaden til pennesplitta ved å halde nede museknappen medan du har markøren i det vesle kvadratet i midten av figuren som viser forma. Du endrar forma ved å flytte musemarkøren rundt inne i figuren.