3.11. Helbred

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2564 $ 2007-11-09 KoSt

Figur 13.72. Verktøyet “helbred” i verktøykassa

Verktøyet helbred i verktøykassa

Dette verktøyet blir brukt for å utbetra småfeil i biletet, for eksempel flekker i eit portrett. Før du bruker verktøyet, må du velje ein pensel omlag like stor som feilen. Deretter Ctrl-klikk på det området du ønskjer å bruke til utbetringa. Slepp opp Ctrl-tasten og klikk på området der feilen er. Dersom feilen er liten, dvs. avvik lite frå omgivnadane, kan det vere nok å klikke ei gong. Er feilen større, kan det hende du må klikke fleire gonger, men då med fare for å smøre biletet utover.

3.11.1. Aktivering

Du kan aktivere dette verktøyet på fleire måtar:

  • Frå biletmenyen via VerktøyTeikneverktøyHelbred,

  • ved å klikke på symbolet i verktøykassa eller

  • eller med tastesnarvegen H.

3.11.2. Valtastane (førehandsvalde)

Ctrl

Ctrl-tasten blir brukt for å markere kva område verktøyet skal hente biletdata frå. Hald nede Ctrl-tasten medan du klikkar i det aktive biletlaget der du vil hente data frå. Du kan bruke data frå kva biletlag eller bilete som helst. Kva for eit lag som er aktivt kan du sjå i lagdialogen. Biletdata frå det punktet du klikka på bli brukte når du byrjar å helbrede biletet. Når du held nede Ctrl-tasten vil markøren syne dette ved å vise eit kryss.

Shift

Dersom du trykker denne tasten, vil du sjå ein tynn strek mellom det punktet du sist klikka på som kjeldeområde og til musepeikaren. Dersom du klikkar igjen, medan du held nede Shift-tasten, vil verktøyet “helbrede” langs denne linja.

3.11.3. Verktøyinnstillingar

Figur 13.73. Innstillingane for verktøyet “helbred

Innstillingane for verktøyet helbred

Du får fram verktøyinnstillingane for helbredingsverktøyet ved å (dobbelt-)klikka på symbolet i verktøykassa

Modus, dekkevne, pensel, skalering, trykkfølsemd, uttoning, hard kant, sitring
Flett synlege

Dersom denne er aktivisert, vil verktøyet hente data frå alle synleg laga i biletet, ikkje bare frå det aktive laget.

Innretting

Denne innstillinga er omtalt underkloneverktøyet.

3.11.4. Helbreding er ikkje kloning

Sjølv om helbredverktøyet har mange brukseigenskapar felles med kloneverktøya, er resultatet heilt anleis.

Figur 13.74. Ei samanlikning mellom “Helbred” og “Kloning

Ei samanlikning mellom Helbred og Kloning

To svarte prikkar i det raude området er forstørra 800 gonger. Kjelda er der dei fire fargane møtest. Den venstre prikken er klona, den høgre er helbreda.