5.3. Innfarging

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2562 $ 2008-03-02 kost

Innfagingsverktøyet omformar det aktive laget eller det aktive utvalet slik at det kan minne om eit svart/kvitt-bilete sett gjennom farga glas. Biletet blir først omforma til gråtoner som deretter blir gjort om til sjatteringar i ønskt farge. Du kan for eksempel bruke dette til å lage ein “sefiaeffekt” i biletet. Innstillingane følgjer HSV-fargemodellen

5.3.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:

  • Frå biletmenyen via FargarInnfarging,

  • frå biletmenyen via VerktøyFargeverktøyaTerskel

  • eller ved å klikke på symbolet i verktøykassa dersom du har installert fargeverktøya der. (Installeringa er forklart i verktøydialogen).

5.3.2. Verktøyinnstillingar

Figur 13.120. Dialogvindauget for innfargingsverktøyet

Dialogvindauget for innfargingsverktøyet

Vel farge
  • Kulør: Ved hjelp av glidebrytaren, eller skriveboksen, kan du velje kuløren frå HSV-fargesirkelen (0 - 360). Normalinnstillinga er sett til 180.

  • Metning: Ved hjelp av glidebrytaren, eller skriveboksen, kan du velje metning på ein skala frå 0 til 100. Normalinnstillinga er sett til 50.

  • Lysverdi: Ved hjelp av glidebrytaren, eller skriveboksen, kan du velje lysverdi på ein skala frå 0 til 100. Normalinnstillinga er sett til 0.

Førehandsvising

Dersom denne er aktivert, kan du sjå endringane direkte i biletet.