10.28. Maske til utval

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2489 $ 2008-03-23 kost

Kommandoen Maske til utval gjer om lagmaska i det aktive laget til eit utval. Denne erstatter utvalet som finst frå før i laget. Kvite område i lagmaska blir til utvalde område og svarte område blir til ikkje utvalde område. Grå område blir til delvis utvalde område. Sjølve lagmaska blir ikkje forandra.

10.28.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagMaskerMaske til utval

  • eller frå menyen som sprett opp når du høgreklikkar på det aktive laget i lagdialogvindauget.

10.28.2. Eksempel på bruk av “Maske til utval

Figur 15.115. Eksempel på bruk av “Maske til utval

Eksempel på bruk av Maske til utval

Til venstre ser du originalbiletet med eit utval. I midten lagdialogen med ei lagmaske oppretta med startverdien “Alfakanalen for laget”, og til høgre etter bruk av kommandoen “Maske til utval”. Utvalet med ugjennomsiktige pikslar i det aktive laget erstattar det opphavlege utvalet.