10.41. Snitt med utvalet

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2413 $ 2008-03-23 kost

Kommandoen Snitt med utvalet lagar eit utval frå pikslane i det aktive laget ut frå kor gjennomsiktige dei er. Ugjennomsiktige område blir fullstendig markerte, gjennomsiktige område blir fullstendig umarkerte, medan delvis gjennomsiktige område blir delvis markerte. Det nye utvalet blir eit snitt av dei to utvala. Alfakanalen blir ikkje forandra.

10.41.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagGjennomsiktSnitt med utvalet

  • eller frå menyen som sprett opp når du høgreklikkar på det aktive laget i lagdialogvindauget.

10.41.2. Eksempel

Figur 15.125.

Det eksisterande rektangulære utvalet er erstatta med ugjennomsiktige pikslar frå det aktive laget.