2.5. Sjølvstendige skript

Desse skripta lagar eigne bilete som du eventuelt kan arbeida vidare med. Det er unødvendig å forklara skripta i detalj, dei fleste er sjølvforklarande. For tida er desse skripttypane lagt inn i GIMP frå starten av:

Mønster

Her er det samla ein del skript som produserer ulike former for mønster. Mange ganske nyttige i og med at du kan legge inn eigne data og såleis påverka resultatet.

Dersom vi ser på skriptet “Land”, vil du sjå at du kan setje inn ein del data i dialogvindauget som dukkar opp. Først har du storleiken på biletet og såleis også mønsteret. Du kan også setje data for kor tilfeldig dette landet ditt skal bli. Fargane som blir brukte blir tatt frå den aktive fargeovergangen, som du kan sjå i verktøyskrinet. Du kan også velje kor detaljert kartet skal bli og kva målestokk du vil bruke. Notasjonen er som på vanlege kart, ønskjer du 1 : 10 skriv du 10. Du må truleg prøve deg fram med ulike forslag før du får det landskapet du ønskjer å bruke vidare.

Tema for nettsider

Her er nytteverdien nokså synleg. Du finn her skript for å lage tekst, logoar, knappar og mykje meir for nettsidene dine. Alle med same stilen og samsvarande utsjånad. Du kan også spare mykje tid i og med at du ikkje treng finpussa kvar einaste detalj for hand.

I denne avdelinga finn du mellom anna tema for “GIMP.org”. Dersom du ønskjer å lage eigne tema for nettsidene dine, kan du bruke skripta her som mønster.

Mesteparten av skripta er sjølvforklarande, men her er noen tips:

  • Ikkje rør spesialteikna, slike som ' og "

  • Forsikra deg om at mønsteret du spesifiserer i skriptet verkeleg finst.

  • Padding” viser til kor mykje plass ( “luft” ) det er rundt teksten.

  • Ein høg verdi for “bevel width” gir ein illusjon av høgare knapp.

  • Skriv du “TRUE” for “Press”, vil knappen sjå ut som han er trykt ned.

  • Vel “transparency” dersom du ønskjer eit gjennomsiktig bilete. Vel du ein farga bakgrunn, forsikra deg om at han har same farge som bakgrunnen til nettsidene dine.

Logoar

Her finn du skript som lagar logoar og overskrifter. Mange er både fine og finurlege, men ver litt varsam med å bruke dei direkte frå grunninnstillingane. Blir litt kjedeleg om alle stiller opp med overskrifter med dei same effektane, tydeleg henta frå desse skripta. Bruk dei heller som eit utgangspunkt for eigen fantasi og vidare arbeid. Dei aller fleste skripta nyttar same oppsettet med omsyn til kva data du kan forandre på. Det aller meste er sjølvforklarande:

  1. Skriv logoteksten i tekstfeltet. T.d. “Islagt elv”.

  2. I feltet for teiknstorleik skriv du inn høgda på logoen i pikslar.

  3. Vel namnet på skrifttypen du vil bruke for logoteksten.

  4. Når du klikkar på fargeknappen, dukkar det opp eit dialogvindauge der du kan velja skriftfarge.

  5. Etter at du har trykt “OK”, vil feltet nedst i dialogvindauget vise framdrifta for skriptet.

Knappar

Her finn du skript for å laga fasetterte knappar. Mange av innstillingane liknar på dei ovanfor, eller er nokså sjølvforklarande.

Nytteprogram

I denne avdelinga kan du finne eit skript, “Skrifttypekart”, som lager eit oversyn, med eksempel, over dei tilgjengelege skrifttypane innan den typen du har skrive inn namnet på i tekstfeltet.

Skriptet “Custom gradient” lagar eit bilete av den aktive fargeovergangen slik at du kan plukka fargar frå denne på same måten som frå eit fargekart.

Diverse

Her finn du dei skripta som ikkje passar inn i dei andre kategoriane. Det einaste ekseplet eg har i mi utgåve av GIMP er “Kule”. Etter at du har sett data for radius, for- og bakgrunnsfarge og lysvinkel, vil skriptet generera eit bilete av ei kule. Du kan også markera for om biletet skal vere med eller utan skugge.

Lage pensel

Med dette skriptet kan du laga dine eigne penslar. Du kan velja mellom rektangulær eller sirkulær og om penselen skal teikna med mjuke eller harde overgangar. Skriptet legg automatisk den nye penselen inn i penselsamlinga i den personleg mappa di.