Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via
→ →Dette filteret forandrar fargekantane ved å spreie pikslar med verdiar mellom dei valde grenseverdiane i dei valde retningane. Du kan også velje korleis dei spreidde pikslane skal påverka eksisterande pikslar.
Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.
I det følgjande blir kvar modus vist med bileteksempel.
Meir kvitt: Pikslane vil forplante seg frå område med høg lysverdi til område med lågare lysverdi og såleis utvide dei lyse områda.
Meir svart: Pikslane vil forplante seg frå område med låg lysverdi til område med høgare lysverdi og såleis utvide dei mørke områda.
Middelverdi til spissane: I området mellom dei to grenseverdiane blir fargane i dei pikslane som finst der frå før og dei nye pikslane blanda samen til ein middelverdi.
Forgrunn til spissane: Området mellom dei to grenseverdiane blir sett til forgrunnsfargen som blir vist i verktøyskrinet.
Bare forgrunn: Bare område som har same fargen som forgrunnsfargen i verktøyskrinet blir påverka.
Bare bakgrunn: Bare område som har same fargen som bakgrunnsfargen i verktøyskrinet blir påverka.
Meir opak og Meir transparent: Pikslane vil forplante seg frå opake (ugjennomsiktige) eller transparente (gjennomsiktige) område og gjere desse større. Desse funksjonane verkar bare på bilete med alfakanal.
Nedre/Øvre grenseverdi: Desse glidebrytarane bestemmer nedre og øvre grense for kva pikselverdiar som skal påverkast av filteret. Bare pikslar med verdiar mellom desse grenseverdiane blir påverka.
Utbreiingsforhold: Dette bestemmer kor stor utbreiinga skal vere. Dess høgare tal dess sterkare verknad av filteret.
Utbreiingsretning: Du kan velje ein eller fleire av dei fire retningane Oppover, Nedover, Til høgre eller Til venstre.