13.13. Sinus

13.13.1. Oversyn

Figur 15.271. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Sinus


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterTeiknefilterMønsterSinus

Dette filteret lager ein bølgjeforma tekstur som kan minne om fuktig silke, eller kan hende årringar i polert tre.

Du kan bestemma kva for to fargar som skal brukast i mønsteret. I tillegg kan du bestemma kor høge og breie bølgjene skal vere og kor komplekst mønsteret skal lagast.

13.13.2. Innstillingar

Figur 15.272. Innstillingane for filteret “Sinus

Innstillingane for filteret Sinus

Fanen “Innstillingar

I denne fanen set du dei generelle innstillingane for filteret.

X- og Y-skalering

Desse kontrollane blir brukte til å bestemma kor store bølgjene skal bli. Små verdiar vil strekke ut bølgjene maksimalt, medan høge verdiar vil presse mønsteret saman.

Kompleksitet

Denne kontrollen styrer kor mykje mønsteret skal utbroderast og kor mykje fargane skal påverka kvarandre. Små verdiar lager eit enkelt, harmonisk mønster, medan store verdiar gir meir komplekse mønster.

Tilfeldig frø

Eit “frø” er det talet filteret bruker som utgangspunkt for å lage tilfeldige tal. Det same frøet vil, dersom tilhøva er dei same, gi same mønsteret. Du kan skrive inn frø direkte, eller du kan trykke Nytt frø for å lage eit nytt, tilfeldig frø.

Dersom det er kryssa av for Slump er det ikkje råd å skrive inn nye frø. I staden blir det generert eit tilfeldig frø kvar gong filteret blir aktivert. Dersom denne ikkje er avkryssa, vil programmet bruke det same frøet som blei brukt sist.

Tvungen flislegging?

Dersom denne er avkryssa, vil filteret lage eit mønster som kan brukast som flislegging. Dette er særleg aktuelt som bakgrunn i nettsider.

Ideell/Fordreid

Eit ideelt bilete er meire regelrett enn eit fordreid bilete, som er ein del deformert i høve til det ideelle.

Fanen “Fargar

Figur 15.273. Innstillingane i fanen “Fargar

Innstillingane i fanen Fargar

I denne fanen bestemmer du kva for fargar som skal brukast.

Fargar

Dette filteret bruke bare to fargar. I denne fanen vel du om fargar skal vere svart og kvit, for- og bakgrunnsfargane i verktøyskrinet eller eigendefinerte.

Alfakanal

Dersom det aktive laget inneheld alfakanal, kan du i tillegg bestemme dekkevna for kvar av fargane. Dersom laget er utan alfakanal, vil desse glidebrytarane ikkje vere tilgjengelege.

Fanen “Bland

Figur 15.274. Innstillingane i fanen “Bland

Innstillingane i fanen Bland

I denne fanen bestemmer du korleis filteret skal behandla fargeovergangane.

Fargeovergang

Du kan her velje mellom tre ulike måtar for å bestemma utsjånaden til bølgjene: Lineær, Bilineær eller Sinusforma.

Eksponent

Denne glidebrytaren blir brukt for å bestemma kva for ein av fargane som skal vere den dominerande, og kor mykje han skal dominera. Set du glidebrytaren heilt til venstre, på -7,5 vil den venstre fargen dominere totalt. Med verdien 7,5 vil den høgre fargen dominere alt. Er brytaren ein stad mellom desse ytterpunkta, vil dominansen vere fordelt tilsvarande.