Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via
→ →Filteret omformar det aktive laget eller den aktive markeringa til bølgjer. Effekten kan minne om refleksjonar i uroleg vatn.
Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.
Kantutjamning: Dette forbetrar skråkantar i biletet ved å jamne ut overgangane.
Behald flislegginga: Dersom biletet er flislagt, blir dei saumlause overgangane uforandra.
Her kan du bestemma om bølgjene skal vere Horisontale eller Vertikale.
Sidan filteret forskyv pikslar i biletet, kan det hende at det forsvinn pikslar frå kantane av biletet. Du kan her bestemme korleis dei manglande pikslane skal erstattast.
InnstillingaLinjebryting fører til at pikslar som forsvinn frå ei side, dukkar opp på motsett side og såleis erstattar pikslane som forsvinn.
Med Smøre blir dei overskytande pikslane spreidde utover for å erstatte dei manglande pikslane.
Er valet Svart aktivert, vil dei manglande pikslane bli erstatta med svarte pikslar.
Her kan du velje forma på bøljene.
Sagtann: Bølgjene stig sakte og fell deretter brått av.
Sinus: Bølgjene stig og fell regelmessig som dønningar.
Ein Periode er de same som bølgelengda. Skalaen har eit område frå 0 til 200 pikslar.
Amplitude er relatert til bølgehøgda, rekna frå 0 til 200 pikslar.