Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via
→ → →Dette filteret lager fargerike skyer som kan brukast som tekstur eller bakgrunn. Den einaste kontrollen i filteret, utanom knappen for nytt forsøk, er ein glidebrytar som styrer turbolensen i figuren.
Alle fargane som blir genererte med dette filteret er fullstendig metta. Dersom dei sterke fargane er distraherande, kan du bruke funksjonen
→ → for kanskje å få ein meir interessant bakgrunn.Notat | |
---|---|
Plasma2 er ei meir avansert utgåve av dette filteret, med fleire innstillingar. Filteret er tilgjengeleg frå [PLUGIN-PLASMA2]. |
Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.
Til vanleg trykker du bare på knappen Nytt frø for å lage eit nytt mønster. Skulle du ha behov for å generere det same mønsteret fleire gonger, skriv du det same talet i ruta for Tilfeldig frø og trykker Enter.
Med denne glidebrytaren bestemmer du kor komplekse skyene skal verre. Eit høgt tal gir harde skyer noe liknande oljemaling, medan eit lågt tal gir mjukare skyer som kan minne om røyk eller damp.