10.24. Normaliser

Kommandoen Normaliser skalerer lysverdiane i det aktive laget slik at det mørkaste punktet blir sett til svart og det lysaste så lyst som mogleg utan å forandra kuløren. Dette kan ofte forbetra blasse og utvaska bilete enormt. “Normaliser” verkar på alle fargemodus, både RGB, gråskala og indeksert.

10.24.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagFargarAutoNormalisering

10.24.2. Eksempel på bruk av “Normaliser

Figur 14.95. Originalbiletet

Originalbiletet

Det aktive laget og histogrammet for raud, grøn og blå før bruk av “Normaliser”.


Figur 14.96. Biletet etter utføringa

Biletet etter utføringa

Det aktive laget og histogrammet for raud, grøn og blå etter bruk av “Normaliser”. Kontrasten er forbetra.

Strekkinga av histogrammet lagar opningar mellom kolonnene. Difor stripene.