4.2. Strø RGB

4.2.1. Oversyn

Figur 15.62. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbilete

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Strø RGB


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterStøyStrø RGB

Dette filteret legg til normalfordelt støy i fargane raud, grøn og blå i det aktive laget eller i den aktive markeringa ved å bruke av fargemodellen RGB. At støyen er normalfordelt, betyr at dei fleste pikslane i det berørte området bare blir tilsett ein liten grad av støy, medan noen få pikslar blir tilsett svært mykje støy. Bruker du dette filteret på ein einsfarga grått bilete, vil fordelinga bli ei klassisk klokkeforma gausskurve.

4.2.2. Innstillingar

Figur 15.63. Innstillingane for filteret “Strø RGB

Innstillingane for filteret Strø RGB

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner forandringane før du legg dei inn i biletet.

Korrelatert støy

Når det er kryssa av for denne, vil støymengda vere avhengig av pikselverdiane. Ein høgare pikselverdi fører til meir støy, og såleis også naturlegvis at ein lågare pikselverdi fører til mindre støy. Mørke område blir spesielt påverka. [7]

Uavhengig RGB

Dersom denne ikkje er avkryssa, vil dei tre glidebrytarane for fargar vere kopla saman slik at om du flytter på ein av dei, vil dei to andre følgje med. Støymengda vil difor blir relativt lik for alle kanalane og fargetona for pikslane blir lite forandra. Er det merka av for denne funksjonen, kan du flytte glidebrytarane uavhengig av kvarandre.

Raud, grøn og blå

Desse glidebrytarane blir brukte for å setje støynivået for kvar kanal. Skalaen er relativ, og går frå 0,00 til 1,00. Glidebrytaren for alfa er bare tilgjengeleg dersom det aktive laget inneheld ein alfakanal. For gråskalabilete vil dei tre fargebrytarane vere erstatta med ein glidebrytar for Grå.

Verdiane sett med brytarane er eigentleg standardavvik i høve til normalfordelinga av tillagt støy. Det brukte standardavviket er halvparten av den viste verdien. 1 er avstanden mellom den lågaste og høgaste moglege verdien i ein kanal.

[Tips] Tips

Minner avsnittet ovanfor om ei førelesing i statistikk, er du ikkje heilt på jordet. Om du ikkje forsto noe av det, gjer det ingen ting. Tenk heller på at glidebrytarane bestemmer støymengda, og prøv deg fram med ulike innstillingar.



[7] Forklaringa i den engelske versjonen (originalen) er i skrivande stund feil.